Solid historie, god underhaldning
I skildringa av Alfred Hagn sitt liv, tar forfattarane oss med på ei reise gjennom vår nære fortid, og vi får møte fleire av dei miljøa og personane som forma denne fortida. Og det er blitt frykteleg god underhaldning, konstaterar Kristian Bjørkelo i si bokmelding.
Nikolai Brandal, Eirik Brazier og Ola Teige
Den mislykedde spionen
Fortellingen om kunstneren, journalisten og landssvikeren Alfred Hagn
Humanist Forlag
2010
_____
«Karl Johan var mørkere enn vanlig denne ettermiddagen. Butikkene hadde allerede stengt, halvparten av gatelysene og alle lysreklamene var slukket; gaten lå i tussmørke. Det eneste som var som før, var lyskinnet kafeene kastet ut på gaten og de gule, grønne og røde lampene utenfor de to kinoene, Carl Johan-Teatret og Grand kinematograf, som lå lenger oppe i gaten ved Stortinget.
I en av disse øyene av lys sto en ung kvinne og ventet. Flere av dem hun skulle møte denne ettermiddagen beskrev henne som slående vakker. Hun var kledd i praktiske kontorklær og hutret i kulda. Siden nyttår hadde været holdt seg kaldt og klart, for det meste godt under minus ti. Tidligere i uka hadde gradestokken krøpet under minus tjue. Det var visstnok den kaldeste januar som noensinne hadde vært målt.
Etter en liten stund kom mannen hun ventet på. Han var eldre, i midten av tjueårene. De hilste hjertelig; de to var gamle kjenninger. Til tross for mørket og kulda vr det mange ute og gikk på Kristianias hovedgate denne kvelden, så de måtte bane seg vei gjennom strømmen av mennesker. De gikk inn på Møllhausens bakeri og konditori. Konditoriet, som i over 50 år hade vært drevet av den tyske familien Møllhausen, var et av byens faste møtesteder. Mannen førte an inn gjennom døren, det var han som visste hvem de skulle møte.»
Den første sida av Den mislykkede spionen er som ein spionroman – ei vaskekte gutebok full av intrigar, skumle skurkar og heroiske heltar, sett til denne sjangarens stordomstid. Og det er det du skal få, men det er ingen helt du vert presentert for, og heltedådane i boka er få. Hovudpersonen er på sett og vis middelmådig i alt han gjer, men han gjer likevel mykje av seg utan å ha sett dei største spora etter seg. Gjennom heile livet sitt hadde han ei eiga evne til å vere der det skjedde og til å verte reven med av dei historiske og kulturelle straumingane rundt han, på godt og vondt, men for det meste vondt.
Det som for forfattarane av boka byrja som historia til ein dødsdømd spion i ei celle i England under første verdskrig, vert ei kulturhistorisk skildring av periodane han levde gjennom, i tida fram til første verdskrig, under den, mellomkrigstida og andre verdskrig. Samt ein epilogisk snutt frå etterkrigstida, der Alfred Hagn tilbragte sine siste dagar i ei blokkleiligheit eit steinkast unna den legendariske statsminister Einar Gerhardsen.
Og dette er det symptomatiske ved Alfred Hagn sitt liv, slik vi les om det i denne biografien – han var aldri langt unna dei store. Han var aldri langt unna der det skjedde, men han var sjeldan sakas kjerne. Han var berre i minimal grad involvert – «tre steg unna røynda». Han er mannen som dukkar opp i bakgrunnen av alle bilete, med blikket mot kamera, som ein velbrukt statist. Og det er det som gjer hans historie unik.
Når dei fleste biografiar dreier seg om dei vellukka menn og kvinner, vil dei òg dreie seg rundt det augneblinket som definerar, det augneblinket som gjorde dei til vellukka og til ein historisk person. Det er ikkje eitt slikt augneblink i Alfred Hagn sitt liv, men han var tilstade ved fleire. Ved å fortelje historia til Alfred Hagn, gjev ikkje forfattarene oss berre eit innblikk i ein mann sitt liv, men pustar liv i dei historiske periodane han levde gjennom og dei viktige hendingane som røyrde ved han. Og dei gjer det på eit meisterleg vis.
Den mislykkede spionen er altså ikkje berre biografien til ein mann, men forteljinga om samtida hans.
Hans kritikarar ville ha det til at han var ein rotlaus mann, og at dette var hovudårsaka til alle problema han rota seg opp i. Det heile byrja i barndomen, han mista sin far då han var tre, og etter det byrja mora å flytte rundt. Først til Odda, så til Stavanger. Der vart mora overtydd medlem av adventistkyrkja, og ferda gjekk vidare til eit av deira hovudsete – Battle Creek i Michigan i USA. Her fann mora seg til rette på sanatoriumet til sjølvsaste John Harvey Kellogg, som i dag er mest kjend for å ha funne opp frukostblandinga Kellogg's Corn Flakes i lag med sin bror.
Kellogg var ein helsefanatikar og totalavhaldsmann, og tok ikkje berre avstand frå å ete kjøt, men all form for seksuell omgang med ein sjølv og andre – inkludert med kona. Blant tiltak han tok til orde for, var omskjæring av unge menn for å dempe lysta til å masturbere, og dette er årsaka til at det er ein så sterk tradisjon for dette inngrepet i USA idag. For Alfred sin del gjekk turen vidare frå Battle Creek til Chicago for å gå på skule der.
Etter fem år i Amerika vendte Alfred og mora attende til Noreg, og slo seg ned i Kristiania. Deretter gjekk vegen vidare til Stavanger, så attende til Kristiania att og tidleg i 1905, då Hagn var 22 år, gjekk turen til New York, der han vart verande eit år før han reiste til Røldal. Deretter stod København for tur og i 1910 inntok han endeleg Paris der han ville leve kunstnarlivet. For no identifiserte han seg som avantgarde kunstnar og impresjonist.
Det var som kunstnar, skribent og korrespondent Alfred Hagn først kom til å skape seg eit namn, om enn ikkje eit namn knytta til stor suksess. Både i Paris og seinare i Kristiania kom Hagn til å gjere seg kjend med fleire av det norske kulturlivets kjende karakterar, men hans eigen produksjon av tekst og kunst møtte med laber eller dårleg respons. Han stilte ved fleire høve ut sine kubistiske verk på den viktige Haustutstillinga – og vart til stadig slakta av kunstkritikarane. Kubismen vart ved eit høve avfeid av Aftenpostens kritikar som produktet til «franske kunstjødar».
På sin tredje reise til Paris møtte han Kathleen K. Taylor, ei rik amerikansk enke som vart hans økonomiske støttespelar og elskerinne. Og forfattarane meiner at det kan ha vore ein iver etter å nå henne i Paris som førte til hans ulukke under første verdskrig.
Hagn var nok litt av ein opportunist, og pengane kom godt med, så han var truleg ikkje vanskeleg å be. Sjølv hevda han i etterkant at han aldri planla å fullføre oppdraget eller gje tyskarane noko særleg informasjon, og mykje tyder på at han faktisk planla å ta seg frå London til Paris, for der å møte sin sponsor, Kathleen K. Taylor. Dette hindra han dog ikkje å verte fengsla og dømd for sin aktivitet.
Det var etter alt å døme eit hardt møte med realitetane for Hagn, som til då alltid hadde levd «tre steg frå røynda». No vart han først konfrontert med ei rettssak, anklaga for eit særs alvorleg brotsverk som kunne koste han livet. Og det gjorde det nesten, Hagn vart dømd til døden, og etter eit opphold på avdeling for mentalt ustabile fangar vart han den 10. september 1917, i ein hysterisk tilstand, ført til The Tower of London, for å avvente fullbyrdinga av dommen.
Frå norsk side vart det, av uante og ulike årsaker, jobba på spreng for å hindre avrettinga, og myndigheitene la mykje prestisje ned i dette arbeidet. Den 15. september, dagen etter at dommen skulle ha vore fullbyrda, vart dommen omgjort til livsvarig straffarbeid etter oppmoding frå sjølvaste Kong Håkon. Det var Noregs «nøytrale» posisjon, det vil seie den stilltiande alliansen med England, som var det mest vektige politiske argumentet for å mildne straffa mot han, men òg hans rotlause og nær ynkelege karakter vart trukken fram av hans forsvarar.
Livsstidsdommen var ikkje lett å bere for den sarte og melankolske Alfred Hagn, og han sleit med depresjonar og gjorde forsøk på å ta sitt eige liv. Heime i Noreg var han stort sett gløymd av alle utanom eit par eldsjeler og hans kjære mor, det viktigaste mennesket i hans liv. Under dei, for han, tøffe forholda i britisk fengsel, gjenoppdaga Alfred Hagn Gud, og byrja å tenkje på korleis han skulle verte fri. I 1919, året etter krigens slutt, iverksatte han ein langvarig og standhaftig sultestreik som uroa båe britiske og norske myndigheiter. Dette, i lag med mora si forverra helsetilstand heime, gjorde at myndigheitene kom fram til eit kompromiss der Hagn vart forvist frå Storbritannia og transportert heim av norske myndigheiter.
Det heile vart lagt lokk på, og ingen beit merke i at den anonyme og sjuklege kunstnaren vendte heim. Og om dette var soga til ein vilken som helst mann, hadde den nok vorte avslutta her, men det er ikkje tilfellet med Alfred Hagn.
I 1914 hadde Hagn tatt seg hyre som assistent for Domenico Erdmann ved restaureringa av Røldal Stavkyrkje. Då helsa tillot det, tok han opp att kontakta med Erdmann, som no var fast tilsett ved Riksantikvariatet, og tok på ny jobb som assistenten hans. Dette var sesongbasert arbeid og om vintrane måtte han og kona, Ragnhild, som han hadde møtt då han vendte attende frå England, klare seg på lønna hennar og dei oppsparte midlene hans.
Det var difor fristande å slå seg ned i Bayern då dei vart invitert av Victor Mogens. Her tilbragte dei eit år i celebert selskap med folk som Bjørn Bjørnson og Sven Elvestad, betre kjend som Stein Riverton, og fekk førstehandserfaring med dei omveltingane som venta Europa i mellomkrigstida – ikkje minst med det tyske nasjonalsosialistiske arbeidarparti, som stod sterkt i området. Attende i Noreg flytta Hagn og kona til Bærum, der dei bygde seg eit hus. I åra som følgde, via han seg til restaureringsarbeidet og han kunne halde seg sjølv flytande økonomisk, trass i at han meinte han var i skuggen av Erdmann og oversett av Riksantikvaren Harry Fett.
Den 9. april 1940 vakna Alfred Hagn i Bergen til artilleridrønn. Han var utsendt av Riksantikvaren for å førebu ei restaurering av Nykirken. Ein invasjon hefta ikkje Hagn, som tok fatt på dagens arbeid, men noterte i loggen at samtalene med kyrkjevergen og arkitekten vart hindra grunna krigstilstand.
Den tyske okkupasjonen skulle vise seg å by gode moglegheiter for den opportunistiske kyrkjekonservatoren. I kampen for å ta over stillinga til Erdmann, i mot Fett si vilje, kunne Hagn hente støtte frå sine tyskvennlege vener og han meldte seg inn i NS – på oppmoding frå Kulturrådet. Det var kulturminister Guldbrand Lunde som til slutt skar igjennom, og avgjorde at Riksantikvaren skulle tilsette Hagn i stillinga.
I kraft av sin faglege tyngde vart Hagn tatt inn som fargekonsulent ved restaureringa av Quisling sin nye villa, Gimle på Bygdøy, og han vart gjort til permanent medlem av Kulturtinget. Gjennom sitt vennskap med Hans Schwalm, SS Ahnenerbe sin utsendte til Noreg, vart Alfred Hagn det naturlege valet som reisefølgje for ein ekskursjon organisert av Himmlers eigen forskingsinstitusjon.
I spissen for ekskursjonen stod den prominente folkeminnegranskaren Richard Wolfram, som nytta høvet til å samle inn norsk folklore frå bygdene dei vitja. Etter alt å døme gjorde Alfred Hagn eit godt inntrykk på dei utsendte frå SS Ahnenerbe, og oppdraget vart forlenga og skulle etter planen gjentas året etter, men denne andre ekskursjonen vart det ikkje noko av.
Sosial sett vart Hagn og familien meir og meir isolert frå naboar og tidlegare vener, hans velvillige og opportunistiske innstilling til okkupasjonsmakta innsmigra han ikkje hjå nordmenn flest. Då stedottera gifta seg med den brutale landssvikaren Håkon Odding, var det nok eit teikn på denne isolasjonen.
Den 8. mai 1945 vart Alfred Hagn arrestert. Det vart klart at det ville reisast tiltale mot han som landssvikar, mellom anna anklaga for å ha tysta på vener og naboar, og det skulle bli ein to år lang prosess før dommen endeleg kunne falle. Òg denne gongen vart det heile prega av den dårlege helsetilstanden hans, forverra av ein nedtrykt sinnstilstand. Han vart til slutt dømd til fengsel i 1947, men han vart benåda allereie i 1948. Han tilbragte dei siste ti åra av sitt liv i Sars gate på Tøyen. Han døde jula 1958.
Forfattarane av Den mislykkede spionen introduserar oss for ein fascinerande karakter i Alfred Hagn – ein mann som aldri utretta noko stort, men alltid klarte å vere til stades, og som tidvis var råka av historiske hendingar som av eit godstog. Som målar og skribent oppnådde han ingenting som er verdt å nemne, og han hadde vore gløymd av historia om han ikkje hadde gong på gong vore involvert i skandaler.
Hagn var ein opportunist, det er klart, som utnytta dei situasjonane han kunne for eiga vinning og som i ganske stor grad vart straffa for det. Problemet forfattarane av biografien hans har hatt med å fange hans eigen motivasjon for sine gjerningar er forståelege. Han var ein mann som var glad i å dikte si eiga soge, og denne soga endra seg i tråd med publikum han stod overfor. Så kva versjon er den sanne? Kva var dei eigentlege motiva hans? For medan gjerningane hans står klart for oss, er motivasjonen bak dei uviss. Det vil vere vanskeleg å få svar på så lenge i ettertid, men forfattarane har gjort eit grundig arbeid i å belyse gjerningane hans og ulike forsøk på forklaringar.
I skildringa av Alfred Hagn sitt liv, tar forfattarane oss med på ei reise gjennom vår nære fortid, og vi får møte fleire av dei miljøa og personane som forma denne fortida. Hagn står i ein unik posisjon til å vere ledsager gjennom desse tidene, då han alltid klarte å vere til stades der det gjaldt –gjerne i kraft av å vere feil mann, på feil stad til feil tid. Det heile illustrerar òg at Noreg er eit lite land og norsk kulturkrets likeså. Eit land så lite at ein mann kan bevege seg i kretsen til så mange av historias viktige nordmenn. Eit land så lite at kongen må gripe inn på vegne av ein middelmådig målar tatt for klønete spionasje i London. Det heile vert eit særs interessant møte med historia.
Forfattarane lukkast i å fortelje ei gripande forteljing, med mange sidesprang og krydra av eit mangfald av historiske referansar som set det heile i ein større kontekst. Den mislykkede spionen er ikkje berre ein biografi, men eit solid historisk verk som fortel oss om langt meir enn berre Alfred Hagn.
Frå adventistmiljøet til avantgarden i Paris til SS Ahnenerbe, her får du servert bakgrunnsmaterial og historiske detaljar i gode porsjonar medan du følgjer Hagn si reise gjennom desse miljøa. I særskilt grad framstår kapitla om norsk etteretningsarbeid under første verdskrig som den reine spionromanen, full av tvilsomme typer, konspirasjonar og spenning. Og det er simpelthen frykteleg god underhaldning, og det er meir enn ein får av dei fleste biografiar om norske kunstnarar.
_____
Publisert på nett 20. juni 2011.
_____
Fornærmet? Sur? Forfulgt? Diskuter gjerne artikkelen på Humanists blogg