Tidsskrift for livssynsdebatt

Kristian A. Bjørkelo
Av Kristian A. Bjørkelo

Islam versus islamisme

Om Ed Husains bok Islamisten

Islamismen utgjer ein trussel både mot muslimar og ikkje-muslimar. Og vi gjer oss sjølv ei bjørneteneste om vi i toleransens namn ikkje møter utfordringa den representerar, skriv Kristian Bjørkelo i denne omtala av Ed Husains bok Islamisten.

Kristian A. Bjørkelo (f. 1978) er folklorist og fri­lans­skribent og til daglig ansatt ved Uni­versitetet i Bergen. Han er hovedansvarlig for den burleske salongen Absalong i Bergen.

Ed Husain
Islamisten
Horfor jeg ble med i den radikale islamistbevegelsen, hva jeg opplevde og hvorfor jeg forlot den

Oversatt av Per E. Fosser
Humanist forlag
2009

Som dei fleste bøker om islamismen vekte Ed Husain sin The Islamist mykje oppsikt då den kom ut i Storbritannia i 2005. Han fekk både lovord for å ha avduka den lokale islamismens mørke hjarte, og kritikk for å gå i ledtog med nykonservative og krigshissarar eller for å gje dei ammunisjon.

Når Humanist forlag no gjev ut den norske omsettinga ved Per E. Fosser, kan ein diverre ikkje vente det same nivået av reaksjonar i den norske meiningsutvekslinga, men boka vil likevel vere eit nyttig bidrag, og ein vonar at dei som er interessert i tematikken vil ta seg tid til å lese den. For den har noko å fortelje oss i Noreg òg.

Den norske debatten er for tida prega av ord som snikislamisering. Omgrep som radikal islam, politisk islam, islamisme og jihadisme vert kasta rundt av alle partar, utan at nokon tar seg tid til å kome til ein heilheitleg definisjon av kva det faktisk er.

Det er særleg politiske grupperingar som ønskjer å utnytte framandfrykt og spekulative avisartiklar til sin fordel og som nyttar sjølve eksistensen av muslimske grupper og muslimar som deltar i politiske prosessar som prov på deira forsøk på å ta over landet. Dei er snikislamistar og tilhengjarar av ein radikal islam, der kjønslemlesting og steining står på plakaten for det norske samfunnet. Meir enn nokon annan sett dei islam på dagsordenen i den norske samfunnsdebatten, enten det no er spørsmålet om hijab i politistyrken eller halalmat i norske fengsel. Men dei gjer lite for å avklare kva dei meinar med omgrepa dei nyttar.

At islam er på plakaten i Europa er ikkje noko nytt, det har strengt tatt denne religionen vore med jamne mellomrom dei siste 1500 åra. Dette vert rammeverket for det mange kallar ein pågåande konflikt mellom to sivilisasjonar (eller sivilisasjon og ikkje-sivilisasjon): Mellom Vesten og europeisk kristen kultur på den eine sida, og Austen og arabisk muslimsk kultur på den andre. Her vert ein presentert for to fronter, ein liberal og demokratisk, den andre religiøs og autoritativ.

Islamisten går inn i rekkja av bøker som skildrar framvaksande islamisme, og åtvarar mot konsekvensane om å ikkje konfrontere farane den utgjer. Boka er ei sjølvbiografisk skildring av Mohammed Mahbub «Ed» Husain, ein britisk muslim som tilbragte fem av sine ungdomsår som del av den islamistiske rørsla i Storbritannia. Det han såg og opplevde der har gjort han overtydd om at islamismen ikkje berre er ein trussel mot liberale vestlege demokrati, men òg at den som politisk rørsle har forlatt mykje av det som islam står for.

Oppveksten

Ed Husain vaks opp i Aust-London på 80-talet, ein periode då den rasistiske British National Front var på frammarsj. Sjølv tilbragte han dagane i dei tryggje omgjevnadane av Sir William Burrough grunnskule, under tilsyn av lærarar som skjerma elevane så godt dei kunne. Desse første åra av hans liv var han i kontakt med folk både med og utan innvandrarbakgrunn.

Dette kom til å endre seg då han byrja på Stepney Green, som pressa på tidspunktet omtalte som byens verste skule. Dette var ein rein guteskule, og han skildrar miljøet som utelukkande muslimsk og bangladeshisk. Han hadde sjøv bangladeshisk bakgrunn, hans far var frå britisk India, medan mora stamma frå Øst-Pakistan, seinare Bangladesh.

Foreldra var tradisjonelle muslimar og meinte at politikk og islam ikkje skulle blandast, og oppveksten hans var heller ikkje påtrengande religiøs. Husain si interesse for religionen kom først ved byrjinga av tenåra gjennom farens lærarmeistar, som han sjølv kom til å kalle Bestefar. Hans interesse for islam gjorde han desto meir til eit utskot på skulen, men han fann trøyst i ein god venn som delte hans interesse. Saman studerte dei religionen og særleg boka Islam: Beliefs and Teachings av Ghulam Sarwar. Forfattaren, ein økonom, gjorde ikkje det same skiljet mellom religion og politikk som Husain sin familie, og var sjølv aktiv i det Muslimske Brorskap og Jamat-e-Islami.

På tross av all kritikken han hadde høyrd heimefrå av Jamat-e-Islami, ei islamistgruppering med opphav i Pakistan på 40-talet, vart han fascinert av tankegodset deira og det han opplevde som eit aktivt forhold til islams rolle i politikken. I lag med sin nye skulekamerat sneik han seg avgarde til den etterkvart berykta East London Mosque, der Jamat-e-Islami stod sterkt, og vart introdusert for miljøet der.

Opphaveleg tilhøyrde Husain Brick Lane Mosque, nett som familien, ein tradisjonell moské tilknytta ein sufiorden der Bestefar stod sterkt. East London Mosque derimot, var ein mykje større moské, og sentrum for mykje konflikt innad i det muslimske miljøet i London – særleg mellom tradisjonelle muslimar og islamistar, men òg islamistar i mellom.

Jamat-e-Islami, som var ei av grupperingane som stod sterkt der, forkynner ein ideologi i opposisjon til Vesten og fordømmer vestlege konsept som marknadsøkonomi, sosialisme, sekularisme og demokrati, samt dei fleste liberale verdiar. Deira mål er ein islamsk stat, dei tilstrebar politisk makt gjennom ulike mål og dei samarbeider med det Muslimske Brorskapet internasjonalt. Ein av dei organisasjonane dei er assosiert med er Young Muslims Organisation (YMO), som Husain vart medlem av i byrjinga av si tid ved moskeen.

Islamisten

Dette var hans første møte med politisk Islam, ei verd han no skildar som fundamentalt ulik den tradisjonelle islam foreldra hans hadde introdusert han for, og byrjinga på det han omtalar som sitt ungdomsopprør. Då foreldra vart kjend med at han hadde meldt seg inn i Jamat-e-Islami-tilknytta YMO, førte dette til deira første store krangel. Det endte med at Husain flykta heimefrå, og ikkje vendte attende før faren motvillig godtok sonens aktivitetar. YMO og Jamat-e-Islami var likevel berre byrjinga for Husain.

Husain skildrar korleis tilværa på Stepney Green, og den etterkvart aktive rolla han hadde i YMO, førte han inn i ei anna verd. Han omgjekk berre andre mørkhuda muslimar, og slutta å rekne seg sjølv som britisk. Han var muslim. Og hans radikaliserte verdsbilete kom etterkvart òg til å inkludere ein idé om jødiske og homofile interesser som dominerande kreftar i den vestlege sekularismen, ein konspirasjon for å undertrykke Islam. Gjennom sitt arbeid vart YMO den rådande muslimske foreininga på Tower Hamlets College, skulen Husain byrja på etter Stepney Green.

Muslimske ungdommer var no i opprør over nyhende frå krigen i Bosnia, der muslimar var utsatt for eit pågåande folkemord. Fleire uttrykte ønskje om å reise til krigssona som mujahedin, og nokre gjorde òg alvor av det. Det var i denne tida Husain stifta kjenskap med ein av Jamat-e-Islami sine rivalar, Hizb ut-Tahrir, ein islamistisk organisasjon med internasjonale ambisjonar. Deira framste uttalte mål var å velte verdas muslimske regjeringar, og erstatte dei med den islamske storstaten, kalifatet, leia av ein kalif valt av verdas muslimar. Organisasjonen var sjølvsagt ulovleg i dei fleste muslimske land, og dei aktive medlemmane hadde søkt tilflukt i det liberale Vesten som politiske flyktningar.

Hizb ut-Tahrir kritiserte Jamat-e-Islami, YMO og andre liknande islamistorganisasjonar for å vere snevre og feige. Dei var ikkje innstilt på å løyse problemet som var den korrupte muslimske leiinga, og hadde eit nasjonalt fokus der Hizb ut-Tahrir hadde eit internasjonalt fokus. I deira auge var islam ein nasjon i seg sjølv, som måtte samlast under eit felles politisk leiarskap for å ivareta interessene til dei rettruande og oppretthalde Guds lov.

I ein periode der Vesten satt lamslått og såg på at muslimar vert slakta ned i deira eiga bakgard – og muslimske leiarar var like tyste – virka dette fornuftig på Husain og mange andre muslimske ungdommar. Han gjekk over til denne organisasjonen og vart innlemma i deira cellestruktur og byrja arbeidet med å «ta over» Tower Hamlets College. Husain var no ein svoren islamist, og ifølgje han sjølv hadde han med dette mista kontakten med islam som religion, no var det den poltitiske makta som stod i fokus. Og det å bekjempe Islams politiske fiendar.

Brotet


Husain tilbragte fem år som islamist, og i tida som aktiv medlem av Hizb ut-Tahrir opplevde han at han vart kraftig radikalisert. Fiendebiletet til organisasjonen vart hans eige og han fann seg sjølv i konflikt med såvel den vestlege verda som den muslimske, dominert som den var av feige statsleiarar.

Brotet med islamismen kom gradvis, og byrja med at han vart konfrontert med konsekvensane av Hizb ut-Tahrir sin valdsideologi. Ein ung mann som hadde krangla med Hizb ut-Tahrir-aktivistar, vart stukken ned og drept på skuleområdet. Og medan partileiinga prøvde å skyve hendinga vekk og under teppet, vart det klart for Husain at dette var eit resultat av jihadismen og fiendebiletet han sjølv hadde promotert.

På dette tidspunktet hadde han møtt og forelska seg i Faye, ein meir tradisjonell muslimsk medstudent. Og han gjev henne mykje av æra for at han hadde noko å lene seg til medan han gradvis trakk seg ut av organisasjonen, før han braut heilt med den. Då han forlot Hizb ut-Tahrir, oppsøkte han alternative stader å finne islam. Over alt fann han islamismen, men han fann òg den tradisjonelle sufi-orienterte islam som foreldra hans tilhøyrde. Denne gjorde han sitt beste for å ta til seg, og han studerte Koranen iherdig og gjorde forsøk på å lære seg arabisk. I 2002 flytta han og Faye, no hans kone, til Damaskus for å kome nærare den islamske verda. Seinare reiste dei vidare til Saudi Arabia.

Beggje stader vart dei sjokkert over haldningane dei møtte der, i form av islamisme, intoleranse, pur rasisme og sexisme. Politisk islam virka mindre og mindre som ei løysing. Etter bombeåtaka råka London i 2005 vendte dei attende til fødebyen hans. Han var overraska over å finne at Hizb ut-Tahrir og andre islamistorganisasjonar framleis var aktive på universitetets områder, og fritt kunne rekruttere muslimar til sin valdsideologi.

Han hadde vendt attende frå Saudi Arabia overtydd om at

”… en stringent form for islam (wahhabisme), koplet med en politisert islam (islamisme) er i ferd med å forvolde stor skade i verden. Bagdad, Tel Aviv, Haifa, Kairo, Istanbul, New York, Madrid, London… Listen over byer som har fått føle islamismens vrede blir bare lenger og lenger. En ideologi sprunget ut av sinne, som den jeg selv en gang var forkjemper for, er ikke bare en trussel mot islam og muslimer, men mot hele den siviliserte verden.”

Han svor på at han ville bekjempe desse kreftane, som hadde gjort hans tru til gissel og drept tusenvis av menneske. Boka hans er eit ledd i det arbeidet han har via seg til sidan den gong.

Lærdomen

Husain si bok er ei velskriven og tankevekkjande skildring av reisa han gjekk gjennom, med alle dei fordelane etterpåklokskap gjev. Han utforskar dei fem åra han tilbragte som islamist i detalj, og konkretiserar det for lesaren med namn på kjende personar og hendingar. Slik får vi eit særs personleg innblikk i det islamistiske miljøet på midten av 90-talet, med alle dei interne konfliktane og debattane det byr på. Ein av dei viktigaste ligg i desse konfliktane, og at det synleggjer at det er variasjon på islamistiske grupperingar, og ein pågåande ideologisk strid mellom dei. Det går inga rett linje frå Riaydh til Jamat-e-Islami, gjennom Al Qaeda og Taliban. Den islamistiske verda er eit komplisert vev.

Boka understrekar òg noko som gjerne treng å verte repetert i desse tider; islam er ikkje det same som islamismen. I Ed Husain sine auge er islamismen fjern frå Islam, på same vis som han følte seg fjern frå foreldra sin religion som islamist. Her skil han seg ut frå mykje av litteraturen som freistar å kritisere islamismen. Det manglar ikkje på bøker som sett likskapsteikn mellom islam og den politiske ideologien. Andre bøker skreven frå innsida av islam er gjerne skreven av fråfalne muslimar, som Ibn Warraq og hans Hvorfor jeg ikke er muslim (Humanist forlag 2003).

Møtet med politisk islam, og hendingane 11. september, har fått mange kritiske muslimar til å miste si tru. For Husain har det hatt den motsatte effekten. Han kjem ut av reisa si med styrka tru på ein tradisjonell og åndeleg form for islam, ikkje berre i kraft av sufisme, men ved å ha gjort seg kjend med Koranen og Profetens eigne ord. Forteljinga hans er krydra med sitat tileigna Profeten som står i kontrast til islamismen, sitat som fordømmer religiøs fanatisme og vald og forkynnar fred og toleranse. Desse står i sterkt kontrast til sitata frå islamismens representantar, som lover død og fordømmelse til dei vantru.

Boka er ei påminning om at medan det muslimske samfunn er det vi likar å kalle «moderat», utan sympati eller tilhøyrighet til islamismen, så vil islamismen kunne halde fram å rekruttere om ikkje ein avdekkjar konsekvensane av den. Islamismen utgjer ein trussel både mot muslimar og ikkje-muslimar. Og ifølgje Husain gjer vi oss sjølv ei bjørneteneste om vi i toleransens namn ikkje møter utfordringa den representerar. Ein må ta til motmæle og reagere kraftigare på islamismen når den viser sitt andlet – ikkje gje den mikrofonen.

Dette er ei bok som skildrar ei verd langt vekk frå idear om snikislamisering og den trusselen halalmat kan representere mot det norske samfunn, men den skildrar ei verd som vi må vere vaken for òg kan finne fotfeste i Noreg.

Det store spørsmålet, som framleis er ubesvart i Ed Husain si forteljing, er kva som gjer at ein ungdom i møte med islamismen vert sufi, forfattar og motstandar av islamismen, medan ein annan ungdom, gjett dei same forholda, vert ein sjølvmordsbombar eller jihadist som gjev sitt liv i Irak, langt vekke frå London. Dette er ein av kritikkane retta mot boka, medan andre legg mindre i mellom og kritiserar Ed Husain for å ha blitt ein løpegut for nykonservative og deira «krig mot terror». Hizb ut-Tahrir på si side, hevdar at Ed Husain aldri har vore eit medlem av deira parti og at dei sjølv ikkje er tilhengjarar av vald. Ikkje på det noverande tidspunkt i alle fall.

Ed Husain si eiga reise gjennom islamismens verd har naturlegvis gjort han kritisk til alt som smakar av fundamentalisme og politisk islam, men det endrar ikkje det faktum at den intoleransen, rasismen og valdsromantikken han møtte på innsida av miljøet er reell.

Islamismen har nok ikkje gjort sitt inntog i Noreg for fullt, på tross av kva visse urolege stemmer vil hevde, men Husain si bok er den mest spiselege kritikken av dette fenomenet som er utgjeve på lang tid. Og om det er noko den kan bidra med til den norske debatten, så er det ikkje først og framst frykt for islamismen, men ei forståing av at islam og islamisme er to ulike ting, og at islamismen kjem i mange former og fasongar.

_____

Denne bokomtalen stod på trykk i Humanist nr 2/2009. Publisert på nett 20. mai 2010.

Siste saker fra FriTanke