Tidsskrift for livssynsdebatt

Jon Hustad
Av Jon Hustad

Grei og ukontroversiell

God nok bok om Muhammed

Halvor Tjønn er ein flink journalist og lærar, men ein dårleg historikar, fastslår Jon Hustad i si omtale av Tjønns bok om profeten Muhammed.

Jon Hustad (f.1968) er journalist og forfatter.

Halvor Tjønn:

Muhammed
Slik samtiden så ham

Dreyer forlag

2011

_____

Eg plar ikkje lesa norske bøker om internasjonale fenomen, livet er for kort, men mottakinga av Halvor Tjønns Muhammed-biografi gjorde meg såpass nyfiken at eg berre måtte lesa og melda boka. For kva skjedde? Jau, meldarane i Dagsavisen og i Aftenposten meinte at dette var ei såpass fæl og kontroversiell bok at dei fann å måtta nytta all plassen til å moralisera over Tjønn.

VGs tidlegare politiske redaktør, Olav Versto, meinte på si side at boka var særs god, men bruka éi side på å fortelja at Roar Hagen ikkje kunne teikna Muhammed, og at han sjølv ikkje kunne skriva kva som stod i boka. Meldaren i Morgenbladet meinte òg at biografien var god, men heller ikkje han ville fortelja kva som stod i han, og fortapte seg i staden i religiøs metafilosofering.

Etter å ha lese må eg med handa på hjarta seia at eg ikkje heilt forstår desse reaksjonane, for boka er heilt grei og ukontroversiell. Alt Tjønn gjer, er å gje att dei mest samtidige kjeldene og moderne autorative biografiane, og på basis av desse fortel han om korleis mange muslimar er lærde opp i å forstå Muhammed. Lite av dette kan vera provoserande.

Ingen kunnig muslim eg har møtt, har nekta for at Muhammed både massakrerte jødar, bygde opp stor rikdom, braut det meste av arabisk tradisjon, tok mange koner, diskriminerte mellom truande og ikkje-truande og påla muslimar å leggja heile verda inn under islam. Dette er faktisk noko truande muslimar i hovudsak er stolte av. Og kvifor skulle dei ikkje det vera? Muhammed er ein av dei største religions- og imperiebyggjarane i verdssoga.

Hallusinasjonar

Tjønn har bygt opp boka kronologisk: frå barndomen i Mekka via det vi i dag må kalla gudshallusinasjonane, og vidare til den opportunistiske og strategiske Muhammed, som fyrst tok Medina, så Mekka og til slutt heile den arabiske halvøya.

Tjønn legg ikkje skjul på mykje. Han fortel til dømes ope at Muhammed som forfattar var sterkt inspirert av jødedom og kristendom, og etter kvart som han vart mektigare og stadig meir ekspansiv, tilpassa bodskapen frå Allah til dei politiske måla han til kvar tid måtte ha. Eller rettare sagt: Tjønn legg ikkje skjul på at kjeldene og dei moderne Muhammed-biografane syner og seier dette. Kva han sjølv måtte meina, får vi i grunnen aldri vita i klårtekst.

Ein slik strategi er ikkje uproblematisk, for ved å velja ut sitat tek vi som skriv automatisk standpunkt. Ein kjem ikkje utanom bøygen, same kor mykje ein prøver, og Tjønn prøver altfor mykje. Og her ligg den største veikskapen med boka: Ho har ei altfor svak forteljarrøyst.

Kjeldene syner mellom anna at Muhammed stadig skifte syn, at han ofte handla djupt umoralsk, og at han både var grisk og kvinnekjær, men i staden for å analysera dette handlingsmynsteret viser Tjønn konsekvent til Muhammed-biografar når det er trong til kontekst og analysar.

I staden for å vera historikar vel han altså å vera journalist, og det er kan henda her noko av årsaka til den underlege mottakinga ligg: Tjønn sjølv ser ut til å ha ei oppfatning om at det han attfortel, er fælt så kontroversielt, og at han difor må løyna seg bak det andre har skrive om Muhammed.

Jødehatar

Vi veit eksempelvis at Muhammed etter kvart byrja å hata jødane, at han særleg var ute etter rikdomen deira, og at han gjorde sitt beste for å rydda dei ut av den arabiske halvøya. I mai 628 gav Muhammed ordre om at den jødiske landsbyen Khaybar, 150 kilometer nord om Median, skulle hærtakast. Kvifor? Her er berre eitt av altfor mange døme på den litt trøyttande refereringspraksisen Tjønn held seg med:

«William Montgomery Watt påpeker, i likhet med andre vestlige historikere som er referert ovenfor, at angrepet på Khaybar ikke kom på noe tilfeldig tidspunkt: Hudaybiya-traktaten (mellombels fredsavtale med Quraysh-stammen i Mekka i mars 628, red.merk.) var en skuffelse for Muhammeds tilhengere. Det kom derfor svært beleilig at han hadde store mengder krigsbytte å dele ut til tilhengerne sine etter underkuelsen av Khaybar.» Konklusjonen: «Jødene hadde så langt de var i stand til det, gjort motstand mot Muhammed, og de var blitt fullstendig knust, konkluderer Watt.»

Kvar ein gymnasiast ser det Watt ser. Likevel vel altså Tjønn å løyna seg bak ein annan autoritet for å kunna slå fast det openberre. Denne praksisen er rett og slett tåpeleg og affektert. Her kunne Tjønn beint fram ha skrive at Muhammed drap jødar både som avleiingsmanøver og for å skaffa seg og sine rikdom, men nyttar i staden lange og tunge referat frå andre av di han sjølv ikkje vågar.

Eg forstår ikkje kvifor. Kvar einaste dag verda over skriv menneske om Muhammed, og mange av desse skriv langt meir kontroversielle ting om Muhammed enn det Tjønn gjer; ein treng berre å lesa konservative britiske aviser for å finna slik skriving. Rod Liddle i The Sunday Times, til dømes, plar mest kvar einaste veke skriva særs morosame og fornærmande petitar om Muhammed og islamistar; Liddle lever i beste velgåande og utan livvakter.

Når Tjønn ser ut til å tru at det han skriv, er kontroversielt, er det ikkje til å undrast over at også meldarane får seg til å tru det same. At Kagge Forlag, som fyrst skulle gje ut boka, trekte seg, har også gjeve tilskot til hysteriet.

Flatt språk

Eg må også seia noko om språket. Vi som skriv mykje her til lands, ser mest alle ut til å gå lei metaforar og retorisk grep, men det er langt frå sikkert at lesarane har gjort det same. Tjønn er ein av Noregs beste og mest kunnskapsrike journalistar og skriv jamt over godt, men han nektar å gje lesarane noko hjelp. Han held ein tvers gjennom sakleg, klisjéfri og flat stil. Det gjer at lesinga vert tung.

Det er ingen plass ein kan le, det er ingen stad ein kan fryda seg over eit godt bilete. Lesinga går dimed trått, og teksta vert tung å koma gjennom. Telegramstilen ser ut til å ha vorte nær einerådande her til lands. Men korkje aviser eller bøker vert noko meir nøytrale og objektive ved å gje avkall på språkglede.

Likevel: Boka er god, ho, fyrst og fremst av di ho er svært nyttig for dei som veit lite om Muhammed. Eitt spørsmål gjev rett nok ikkje Tjønn noko svar på, og det er kvifor denne dugande krigaren og politikaren, men middelmåtige diktaren og filosofen Muhammed på basis av ei vulgær, keisam og ofte feilaktig kopiering av Bibelen har fått så enormt gjennomslag i store delar av verda.

Så er då også dette eit av dei store mysteria i verdssoga. Jau då, Muhammed var flink både til å drepa og til å svika folk, men det har han på ingen måte vore åleine om opp gjennom tidene.

_____

Publisert på nett 28. april 2011. Også publisert i Humanist nr 2/2011

_____

Fornærmet? Sur? Forfulgt? Diskuter gjerne artikkelen på Humanists blogg

Siste saker fra FriTanke