Øyvind Strømmen i denne gjennomgangen av partiet sin historie..">

Tidsskrift for livssynsdebatt

Øyvind Strømmen
Av Øyvind Strømmen

Fascistar i europarlamentet

BNP seglar under falsk flagg

British National Party vann i juni 2009 to seter i europarlamentet. Bak eit tynt ferniss av "nasjonaldemokrati" er partiet like fascistisk som da det vart skipa i 1982.

Øyvind Strømmen (f. 1980) er selvstendig næringsdrivende, skribent og frilansjournalist. Han har skrevet boken Eurofascism, om europeisk høyreekstremisme og nyfascisme.


BNPs leder Nick Griffin fotografert under ein National Front-demonstrasjon i 1981.

Europarlamentet vil etter valet fyrst i juni framleis vera dominert av sentrum-høgre i europeisk politikk. Desse partia gjorde gode val i dei fem største EU-landa: Tyskland, Storbritannia, Frankrike, Italia og Spania, og har jamnt over vorte framstilt som valet sine store vinnarar. Men i eit europarlament som vert redusert i storleik var det likevel berre to politiske fløyar som fekk fleire mandatar enn tidlegare. Den eine var dei europeiske grøne, generelt venstreorienterte og EU-venlege. Dei andre var partia lengst til høgre i den politiske aksen.

I motsetnad til dei grøne partia utgjer desse inga eigentleg partigruppe, sidan det finst lite formelt samarbeid mellom dei; ikkje minst fordi partia er svært ulike frå kvarandre. – Kvart parti er farga av sitt eige land og si eiga historie, seier statsvitaren Jos De Beus i eit intervju med den nederlandske avisa NRC Handelsblad.1 – Ser ein på Pim Fortuyn (den nederlandske høgrepopulisten som vart skoten ned og drepen av ein radikal dyrevernaktivist i 2002, skrib. anm) må han plasserast i den nederlandske anti-autoritære tradisjonen. Han var ein ombygd 68-ar. Då er det heilt annleis med Filip Dewinter og Vlaams Belang.

Europeiske fellestrekk

Likevel er det mogleg å generalisera, meiner De Beus, og nemner to fellestrekk:

– For det fyrste har det med globalisering å gjera; det er ein reaksjon på innvandring, oppkjøp frå utanlandske verksemder og allmenn usikkerheit om korvidt standardane for fridom og velferd kan oppretthaldast. Den andre faktoren er det politiske systemet, og her byrjar det med ideen om at dei styrande, den politiske klassen, ikkje lenger har nokon band til veljarane.

At British National Party fekk valt inn to representantar i europarlamentet – partileiaren Nick Griffin og nasjonalistveteranen Andrew Brons – passar godt inn i det biletet, noko som lett let seg illustrera om ein ser nærare på partiet sitt valkampmateriale. EU-motstand og anti-islamsk retorikk går att. I ein brosjyre åtvarer ein lege mot kva innvandringa gjer med det britiske helsevesenet og eit eldre ektepar snakker om "falske asylsøkjarar". Brosjyren framhever også at partiet vil sloss for "britiske arbeidsplassar for britiske arbeidarar" og seier: – Alle dei gamle partia er i lomma på bankane og storindustrien. Dei later som dei er uroa over tapte arbeidsplassar, men har tillete globalisering å øydeleggja arbeidsplassar og dra ned lønene. Me vil beskytta britiske arbeidsplassar mot aggressiv utanlandsk konkurranse og setja britiske arbeidarar fyrst – kvar einaste gong!2

Ironisk nok synte det seg at både legen og arbeidarane det var bilete av i brosjyren var amerikanarar, biletet var henta frå eit amerikansk biletbyrå. Pensjonistparet var italienarar, foreldra til ein britisk-busett fotograf. I tillegg var ein Scots Guard-soldat avbilda, også han utan tilkopling til eller sympatiar for BNP – han omtala dei som "drittsekkar" han ikkje ville røysta på "på ein million år".3

Dei anti-islamske haldningane, motstanden mot innvandring og EU-motstanden har BNP til felles med nesten alle dei høgrepopulistiske partia i Europa. I motsetnad til ein del av dei andre er BNP imidlertid tydeleg forankra i nyfascismen.

John Bean som vegkart til britisk ekstremhøgre

Som andre europeiske land hadde også Storbritannia si heimedyrka fascistrørsle før andre verdskrigen. Den største og viktigaste partigruppa i denne rørsla var British Union of Fascists, ofte berre kalla "blackshirts". Partiet var sterkt anti-kommunistisk, svert venleg innstilt ovenfor Nazi-Tyskland og vart i større og større grad djupt anti-semittisk. Partileiar var Oswald Mosley. Under krigen vart han – ikkje overraskande – fyrst internert og sidan sett i husarrest av britiske myndigheiter.4

Same Mosley vart etter krigen overtydd av tilhengjarar om å gå attende til politikken, og han skipa Union Movement, ei gruppe som forfeikta ein paneuropeisk nasjonalisme basert på det Mosley sjølv kalla "ei syntese av dei beste elementa i fascismen og i det gamle demokratiet, inkludert nye tankar tilpassa den nye tida". I valkampanjar argumenterte Mosley mot innvandring med historier om kriminalitet og seksuelle avvik. Han gjekk også inn for "assistert repatriering", ei omskriving av "tvungen tilbakesending".

Partiet, som vart grunnlagt i 1948, var det fyrste alvorlege forsøket på å skipa eit nyfascistisk parti i Storbritannia. Det vart ingen suksess, og etterkvart miste UM både medlemer og støtte til andre grupperingar.

Ein av dei aktive i Union Movement tidleg på femtitalet var John Edward Bean.5 Hans vidare karriere er noko nær eit vegkart til utviklinga av den ekstreme høgresida i Storbritannia – om ein klarer å hengja med i svingane. Sidan britisk ekstremhøgre har bestått av eit utal ulike grupperingar er ikkje det berre enkelt.

Fyrst gjekk Bean saman med Andrew Fountaine i ei gruppe kalla National Front (som ikkje må forvekslast med den seinare National Front, oppretta i 1967). Saman gav dei ut tidsskriftet National Unity. Arbeidet førte til at dei kom i kontakt med A.K. Chesterton (fetteren til meir kjende G.K. Chesterton, som sjølv var ein markant kritikar av fascismen), ein veteran frå British Union of Fascists. Denne utgåva av National Front tok aldri av, og Bean var ei tid aktiv i League of Empire Loyalists – ei gruppe leidd av same Chesterton, som til ei viss grad fungerte som ein fraksjon innad i det konservative partiet.

Dei meir radikale og fascistisk orienterte medlemene av LEL forlot samansluttinga i 1957, og grunnla sine eigne og klårare nyfascistisk orienterte grupper. Bean, Fountaine, Martin Webster og John Tyndall starta National Labour Party, medan Colin Jordan starta White Defence League. Webster forlot etterkvart NLP for å gå inn i Union Movement, og etterkvart som NLP utvikla tettare band til Colin Jordan – "den britiske Adolf Hitler" – vaks dei to partia saman til det fyrste British National Party. Dette partiet gav ut tidsskriftet Combat, der John Tyndall blant anna skreiv at det var naudsynt å "utrydda" den jødiske "mikroben".6 Tidsskriftet gjekk også til åtak på svarte og på kypriotiske, irske og maltesiske innvandrarmiljø.

Konflikter mellom Jordan og Bean førte etterkvart til at Colin Jordan og John Tyndall enda opp i den endå meir opent fascistiske og nazistiske gruppa National Socialist Movement – ei gruppe som jamvel vart offisielt etablert på Hitler sin fødselsdag, 20. april 1962. NSM nytta naziinspirerte uniformer og inkluderte både ein paramilitær fløy kalla Spearhead og eit tidsskrift med same namn. Eitt av medlemene i denne opent nazistiske gruppa var Andrew Brons, ein av dei to BNP-medlemene som no er valt inn i Europarlamentet.

Bean heldt på si side fram arbeidet i det fyrste British National Party, som gjekk inn i allianse med fleire andre grupper i 1967 og skipa National Front. Her vart Bean ein meir perifer figur, men National Front var det fyrste forsøket på å skipa eit nyfascistisk parti i Storbritannia som oppnådde ein viss suksess. Her møttes mange av dei nemnde høgreekstremistane på ny. John Tyndall, Andrew Brons, Martin Webster, A.K. Chesterton, alle var dei involverte i National Front.

John Bean forsvant etterkvart frå politikken, men har seinare vorte medlem av det andre British National Party under Nick Griffin sin leiarskap. I 2004 var han kandidat for partiet i det europeiske valet. I tillegg har han i fleire år fungert som redaktør for partitidsskriftet Identity. Han er ingen angrande syndar. I ein artikkel som ei tid var tilgjengeleg på BNP sine nettsider7 skriv han til dømes:

“For kynikarar som trur at eg har vorte "moderat" på mine gamle dagar har eg dette utdraget frå Special Branch-rapporten: "National Labour Party … heldt eit møte 13.6.59 i Queensway, W.2. Opp til 70 personar var tilstades for å høyra John Bean understreka at politikken til partiet hans ikkje var rasistisk eller valdeleg – partiet 'ynskte berre å halda dette landet kvitt'." Eg beklager at ikkje akkurat lukkast; ikkje nok av fedrene og mødrene dykkar ville lytta til meg.”

Det skal samstundes seiast at John Bean har kritisert andre i britisk ekstremhøgre for å vera altfor opptekne av jødar, blant anna fordi "det gjer nasjonalistar blinde for det sviket våre eigne er i stand til. Tony Blair har skada dette landet ti gongar meir enn ein kvar jødisk marxist som nokon gong har levd i Storbrittania". Han heldt fram med å skriva:

“Ikkje noko av dette tyder at ein kan nekta for at jødar som Paul Wolfowitz, som designa ein krig der britiske soldatar døyr for å setja op ein ny verdsorden der Storbritannia skal likviderast, er fullstendige dritsekkar. Men kven gjer menn som dette makta til å designa krigar? Dei kan openbert ikkje gjera det på eiga hand, utan samarbeid frå våre ikkje-jødiske leiarar. Dersom jødane bestikk våre ikkje-jødiske leiarar, kven er det som tek imot bestikkelsane? Dersom slemme jødar bøller med våre ikkje-jødiske leiarar, kvifor er dei så feige at dei går med på det?”

Og:

“Ingen bør misforstå, BNP har ikkje "omfamna sionismen", "selt seg til jødane" eller noko liknande. Me er framleis klar over at undergravande jøder eksisterer, og at jødane har ein karakteristisk stil av (materialistisk og slu, som Karl Marx og George Soros) undergraving, og me er framleis dedikerte i vår kamp mot dei, når dette verkeleg er tilfelle. Men det er noko anna å seia at nokre jødar gjennom sin oppførsel gjer seg til fiendar av folket vårt, enn å seia at alle jødar – berre fordi dei er jødar – er fienden.”

Denne nedtona antisemittismen er typisk for BNP det siste tiåret. I dag er det muslimar som – berre fordi dei er muslimar – er fienden. Sjefarkitekten bak forvandlinga er Nick Griffin.

Den politiske soldat – nasjonalismen som religion

Nick Griffin vart fødd i 1959, og tok del på sitt fyrste National Front-møte som 15-åring. Han vart imidlertid ikkje medlem av partiet før i studentdagane. Då steig han til gjengjeld raskt i gradene og i 1978 hadde han fått ei sentral rolle i organiseringa av studentar innad i partiet. To år seinare lanserte han – saman med Joe Pearce – tidsskriftet Nationalism Today, som forsvarte såkalla tredjeposisjonisme.9

Den britiske avleggjaren av denne politiske retninga var i stor grad inspirert av italienaren Roberto Fiore – som oppheldt seg i Storbritannia i ei årrekkje på åttitalet, på flukt frå italienske myndigheiter som mistenkte han for å ha noko med terrorbombinga i Bologna i 1980 å gjera.10

Fiore og Griffin vart nære vener og budde ei tid saman. Tredjeposisjonismen definerte på overflata seg sjølv ut frå motstand mot både kommunisme og kapitalisme – noko ein sjølvsagt finn att i ei rekkje politiske motstraumsgrupper, men bar preg av ei rekkje langt mer konkrete element: militarisme, ekstrem nasjonalisme, støtte til rasesegregering og nasjonale frigjeringsrørsler. Inspirasjon vart henta frå den rumenske fascistleiaren frå mellomkrigstida, Corneliu Codreanu, samt frå den italienske filosofen Julius Evola, frå A.K. Chesterton, frå den franske nyfascistiske tenkjaren Alain de Benoist sin såkalla etnopluralisme og frå Mosley og andre sin paneuropeisme.

Eit sentralt konsept for tredjeposisjonistane var ideen om "den politiske soldat", ein idé som tydelegast vart formulert av Derek Holland – ein av Griffin sine allierte i denne perioden – i pamfletten Political Soldier: A Statement.11 Pamfletten vert innleidd med ein spådom om Europa sin nært føreståande død, og den einaste medisinen var – nettopp – den politiske soldaten:

“Det er den Politiske Soldaten si oppgåve å fremja Viljen til å leva gjennom å avdekkja livets sanne natur – i motsetnad til det materialistiske marerittet av dette hundreåret, som misforstått vert oppfatta som "liv" – og gjennom å leva dette livet. For å gjera dette må den Politiske Soldaten gå gjennom ein Andeleg Revolusjon, ein indre revolusjon som leier, viser veg og gjennomstrøymer livet hans.”

Oppskrifta for den politiske soldaten sitt liv er ein pietistisk og altomfattande nasjonalisme, og som føregangsdøme framhever Holland særleg den rumenske fascistrørsla Jerngarden frå mellomkrigstida, leia av "den geniale Corneliu Codreanu".12

Dei framande tredjeposisjonistiske ideane førte til strid innad i National Front – ikkje minst fordi Griffin og samarbeidspartnarane hans freista å knytta band til den libyske diktatoren Muammar Gadaffi13 og til ayatolla Khomeini i Iran, samt til Louis Farrakhan i Nation of Islam, noko som blant anna let seg understreka av at Griffin i 1985 skreiv: "Kvite nasjonalistar overalt ynskjer Farrakhan alt godt, for me kjemper ein felles kamp: rasesegregering og rasefridom."

Etterkvart braut Griffin, Fiore, Holland og andre av "radikalarane" i National Front ut, og starta gruppa International Third Position14 Gruppa dreiv kampanjer mot Coca Cola, McDonalds, urbanisering og – sjølvsagt – "sionisme". Ho eksisterer den dag i dag, men endra namn til England First i 2001. ITP arbeidde også saman med andre europeiske parti i den europeiske alliansen European National Front. Blant samarbeidspartnarane var italienske Forza Nuova og tyske NPD – som stadig er organisert i den same paneuropeiske rørsla.15

Griffin forlot ITP nokre år etter oppstarten – årstalet varierer i ulike kjelder – og trekte i retning av British National Party.

Tyndalls BNP

Den tidlegare nemnde John Tyndall grunnla British National Party i 1982. Partiet skilde seg i dei fyrste åra lite frå andre grupper på aller ytterste høgreside i britisk politikk. Tyndall var framleis opent inspirert av nazismen (det vart han verande til han døydde i 2005).

Lite hadde endra seg sidan Tyndall i 1962 skreiv boka Den autoritære staten, ei bok til forsvar for nettopp ein autoritær stat, sidan «demokratiet driv ungdomen vår ut i gatene med grenselaust med tid å sløsa bort, jøden kjem fram og lokkar dei med sine utspekulerte lokkemiddel, som teikneseriar, sexfilmar og rock n'roll».16

Mange av dei tidlege medlemene var unge menn med koplingar til kriminelle grupper. Tony Lecomber, som var med Tyndall frå starten, redigerte tidsskriftet Young Nationalist. I 1985 vart Lecomber fengsla for blant anna å ha planlagt eit bombeåtak mot kontora til ei venstreradikal gruppe – spikerbomba gjekk av mens han var på veg til bombemålet og Lecomber vart sjølv skadd. Til gjengjeld fekk han tilnamnet «Lecomber the Bomber».

Fyrst på nittitalet byrja partiet likevel å gå gjennom ein endringsprosess, ettersom nokre i partiet meinte at det måtte kvitta seg med ryktet som bøller om dei skulle ha noko sjanse i val. Dette gav seg blant anna uttrykk i endra klesstil: BNP-aktivistane byrja å ta på seg dress og slips då dei gjekk frå dør til dør for å freista å vinna veljarar.17

The Rune

I 1995 gjekk Nick Griffin inn i British National Party. Same år vart han redaktør for tidsskriftet The Rune, ein kvartalvis publikasjon som vart gjeve ut av eit lokallag av partiet. Eit blikk på dette tidsskriftet – som Griffin redigerte medan han var godt oppe i trettiåra, kan vera nyttig for å sjå kor meiningslaust det er når nokon i blant unnskylder Griffin sin tidlegare så tydelege fascisme som «ungdomssynder».

Griffin nytta tidsskriftet som ei platform i kampen mot «modernisering» av BNP. Dei som ynskte endring skulda han for å fremja «regnbogekonservatisme».18 I ei utgåve av tidsskriftet skreiv han:

Veljarane i Millwall19 støtta ikkje eit postmodernistisk høgreparti, dei støtta det dei såg som ein sterk og disiplinert organisasjon med emna til å følgja opp slagord «Forsvar kvite rettigheiter» med velretta støvlar og knyttnevar. Når alt kjem til alt er makt eit resultat av kraft og vilje, og ikkje av rasjonell debatt».

Redaktørarbeidet gav Griffin rettslege problem. I 1996 klaga Alex Carlile, parlamentsmedlem for det liberaldemokratiske partiet og son av polsk-jødiske innvandrarar, Griffin inn for politiet etter å ha lese ei utgåve av The Rune. Framsida synte eit bilete av ei hengeløkkje saman med tittelen: «Kva har eit reip å gjera med kvit einskap.» Leiarartikkelen forklarte at det var viktig å samla alle «kvite nasjonalistorganisasjonar» for å kunne oppnå «ein endeleg siger over dei som ynskjer å øydeleggja oss slik at dei kan herska i all framtid over ei masse av bastardslavar».

Med sigeren ville «tida for hemn» koma, og «me kan nytta reipet til viktig (capital) arbeid». Ein artikkel i tidsskriftet oppmoda lesarane til å lata seg inspirera av «the spirit of the Northmen» og til å «dra krigssverdet or slira». I ein teikneserie kunne ein sjå høner (!) med karikert jødenase som sa ting som «Høner er spesielle» og «Høner er utvalde». Undertittelen refererte til «grådige» og «maktsjuke høner».

I rettssaka som fulgte synte aktoratet også til at Holocaust i The Rune vart kalla «holohoax», på godt norsk ”holobløffen”.

Jusutdanna Griffin fungerte som sin eigen forsvarar og forklarte at dei politiske aktivitetane hans – inkludert arbeidet med The Rune, var motivert av eit ynskje om å sikra den kvite rasen sin overlevnad. Hengeløkkja hevda han var uttrykk for BNP si støtte til dødsstraff for drap på born og politifolk og oppmodinga til å dra sverd meinte han at berre var ein metafor. Hønene var berre meint å symbolisera «ein bestemt type sionistiske politikarar».20

I løpet av rettssaka kom Griffin også med ein kommentar som seinare har vorte gjengjeve mange gongar:

Eg er klar over at den ortodokse oppfatninga er at seks millionar jødar vart gassa og kremerte og gjort om til lampeskjermar. Den ortodokse meininga var ein gong også at jorda var flat. … Eg har konkludert med at utryddingshistoria er ein kombinasjon av alliert krigspropaganda, ekstremt profitabel løgn og seinare hysteri.21

Som støtte for sitt syn på Holocaust kalla Griffin den framtredande franske holocaustnektaren Robert Faurisson inn som vitne. Eit anna vitne var den amerikanske svarte separatisten Osiris Akkebala, som på åttitalet hadde samarbeidd med Griffin og National Front. Juryen lot seg ikkje overtyda av verken Griffin eller vitna. Han vart dømd til betinga fengsel for å fremma rasehat.

I 1997, berre to år før han vart valt som leiar i British National Party, skreiv Griffin pamfletten Who are the mindbenders?, der han fortalte om ein jødisk mediakonspirasjon som «gjer oss ein endelaus diett av pro-raseblanding, pro-homoseksualitet og anti-britisk søppel».

Britisk bilete – og internasjonal røyndom

Ein av hans næraste allierte i den interne valkampanjen i 1999 var «Lecomber the Bomber», som også hadde rukke å bli dømd for overfall på ein jødisk lærar.

Griffin hadde no endra syn på moderniseringa av partiet, og henta inspirasjon frå blant andre franske Front National, leia av Jean Marie Le Pen. Men dei nye moderate tonane stakk ikkje djupare enn at han i eit møte med American Friends of the BNP, ei broka forsamling fascistar og rasistar, forklarte at endringane var naudsynte for å gjera BNP meir stovereint:

”Kva er det me freistar å gjera med BNP no? Vel, me har freista å forenkla bodskapen på nokre måtar og å gjera han meir salgbar. Difor snakkar me ikkje om kvitt overherredøme eller om rasekrig eller noko slikt, sjølv om me veit at det er det som faktisk føregår, og me er ikkje tilhengjarar av kvitt overherredøme, men av kvit overlevnad, sjølv det skremmer folk. ”22

I den same tala, som BBC fekk tak på ein videokopi av understreka Griffin også følgjande:

”Det er ein forskjell på å selja vekk ideane sine og på å selja ideane sine. Og British National Party handlar ikkje om å selje vekk ideane … men me er opptekne av å selja dei. Og det tyder bokstaveleg å bruka dei salbare orda, fridom, tryggleik, identitet, demokrati. Ingen kan kritisera dei, ingen kan angripa deg på bakgrunn av desse ideane. Dei er salbare.

Kanskje ein dag, når me gjennom å vera ganske indirekte har oppnådd ein posisjon der me kontrollerer dei britiske kringkastingsmediene, kanskje ein dag vil det britiske folket endra oppfatning og seia, «Ja, alle må vekk». Kanskje vil dei det ein dag, men dersom du seier at det er det einaste målet ditt frå byrjinga av, vil du ikkje nå nokon veg. Så, istadenfor å snakka om rasereinskap, snakkar me om identitet23

Griffin sin bruk av dei fire orda – som han i tala omtaler med det noko uomsetjelege uttrykket ”apple pie words” – er treffande. Denne retorikken samanfattar mykje av fokuset i det tynne fernisset av «nasjonaldemokrati» som pregar ei rekkje høgreekstreme parti i dagens Europa. Dei same gamle raseteoriane kviler på bakteppet, men i staden for å snakka om rase bruker partia ord som «kultur» og «identitet».

Eitt anna moment som går att er at partia har gått frå å snakka om innvandrarar generelt (og ofte om jødar spesielt) til å propagandera mot islam heile tida, ofte med utgangspunkt i Eurabia-mytologien, som den svenske forfattaren Andreas Malm skildrar inngåande i boka Hatet mot muslimer.

I tilfellet BNP er dette djupt ironisk, når ein tek i betraktning Griffin si støtte til den muslimske utgruppa Nation of Islam på åttitalet. Det handlar heller ikkje eigentleg om islamkritikk, men om å ri på ei bølgje av anti-islam i europeisk opinion. Dette gjorde Griffin sjølv pinleg klårt i ei tale på ein konferanse arrangert av det amerikanske pseudovitskaplege og sjølverklært «raserealistiske» tidsskriftet American Renaissance i 2006:24

”Den riktige fienden for ei politisk rørsle er ikkje med naudsyn den vondaste eller den verste. Den riktige fienden er den det er enklast å slå.”

Og:

”Oppgåva for kvite nasjonalistar er ikkje å dela ut skuld for kaoset, men å posisjonera oss slik at me kan dra mest mogleg nytte av det ..., å ri på bølgja folkemeininga skaper og nytta krafta i ho til våre eigne føremål.”

BNP har finpussa på biletet sitt, hevdar å ha teke eit oppgjer med John Tyndall sitt «tankesett frå 1930-åra, som gjorde at BNP under hans leiarskap hadde ein utdatert strategi som undergravde folkeleg støtte»,25 og å «ha kasta av seg lenkene av konspirasjonsteoriar og den tynt sløra antisemittismen som heldt dette partiet attende i to tiår».

I staden – hevdar partiet – er angripet no retta mot «dei verkelege fiendane av det britiske folket», altså «angelsaksisk-keltiske, liberale venstreorienterte som søkjer å øydeleggja familien og samfunnet sine byggjesteinar og å påføra motviljuge innfødde multikulturalismen», og «Halvmånehorden, den endelause bølgja av islamske immigrantar som flokkar til våre strender for å bringa øynasjonane våre inn i famntaket på deira barbariske ørkenreligion».26

I Storbritannia dreier BNP sine politiske kampanjar seg i stor grad om anti-islam, kombinert med anti-politikk retta mot dei andre partia, særleg Labour. I tillegg profilerer partiet seg som sterke motstandarar av EU, og som forsvarar av «britiske jobbar til britiske arbeidarar».

Utanlands heldt likevel kontaktane og samarbeidet med dei mest reinbarka jødehatarar fram. I 2006 deltok Griffin på ein konferanse om paneuropeisk-russisk nasjonalisme i Belgia, saman med blant anna David Duke, Robert Steuckers27 og Kris Roman, tidlegare kandidat for Vlaams Blok28 som har utmerka seg blant anna ved å hevda at det Sions Vises Protokollar trass i å vera eit falsknarverk «speglar røyndomen» og ved å kritisera media for å vera «kontrollert av sionistar».29

I oktober 2007 gjennomførte Griffin ein turné der han heldt anti-islamske taler på tre amerikanske universitet. Ein artikkel i den sterkt venstreorienterte avisa Michigan Messenger30 fortel at han ved Michigan State University blant anna fortalte om muslimar som «gjengvoldtek kvinner i Noreg og andre kulturar», og at han understreka kvifor folk som motdemonstrantane ser på han som ein rasist: «Me trur ikkje at me er betre... me trur ikkje på integrasjon. Integrasjon er utrydding.» I tillegg – hevdar avisa – kom han med utfall mot homofile og gjentok mildt sagt kontroversielle synspunkt på Holocaust.

Det som i alle fall er sikkert, er at turen var organisert av Preston Wiginton, ein av Griffin sine samarbeidspartnarar gjennom fleire år. Wiginton postar regelmessig på den nazistiske nettstaden Stormfront, og har koplingar til rasistiske og nazistiske organisasjonar verda rundt – blant anna vitja han Russland same året. Der heldt han ei tale i samband med ein demonstrasjon, omgjeven av folk som reiste høgrehanda i Hitler-salutt. «Storheit til Russland», sa Wiginton på dårleg russisk. «Kvit makt, kvit makt» ropte demonstrantane attende på engelsk.31

Wiginton har også vore aktiv i kampanjar mot illegal innvandring i USA, han samanliknar mexicanske innvandrarar beint fram med kreft, «ein unormal vekst som trugar amerikansk kultur og det amerikanske folket gjennom å forgifta og infisera ... gatene og nabolaga våre med kriminalitet, vald og narkotika, gjennom å ... spreia sjukdomar og ... gjennom å forgifta og infisera dei amerikanske verdiane og levesettet.32

Griffin uttrykte si støtte til Wiginton i eit ope brev til «europeiske kollegaer» kort etter sin eigen amerikanske turné og prisa han som «ein svært effektiv organisator, som – som sjeldan er blant amerikanske nasjonalistar – skjønar kor viktig image og folkeleg aksept er for alle nasjonalistiske parti».

Brevet forklarde også at Wiginton «har svært gode kontaktar i Russland», og refererte til Wiginton si rolle i planlegginga av ein stor demonstrasjon i Moskva, noko «BNP stør av heile sitt hjarta og som me ber våre europeiske kameratar om å slutta opp om på same vis, slik at me forhåpentlegvis kan starta eit effektivt samarbeid mellom patriotar for både vestleg og ortodoks kristendom mot våre felles fiendar: masseinnvandring, radikal islamisme, vestleg liberalisme og Wall Street og det Kvite Huset sin dollarimperialisme».33

Det er likevel det europeiske ekstremhøgre Griffin i størst grad har søkt samarbeid med fram mot det nylege europavalet. I april 2008, midt i oppseglinga til det britiske lokalvalet, tok Griffin seg tid til å ta del i eit hemmeleg møte med Georg Mayer i austerrikske FPÖ, Andreas Mölzer frå same parti og Bruno Gollnisch frå franske Front National.34 Møtet vart organisert av Mayer og av BNP-aren Arthur Kemp, ein rhodesisk-fødd sørafrikanar som tidlegare har markert seg som forsvarar av apartheid-regimet og som dessutan har skrive March of the Titans: A History of the White Race, ei bok som ifølgje The Guardian blant anna trekkjer i tvil dei jødiske dødstala under Holocaust.35

Griffin heldt fram strategien for å byggja opp kontaktar i europeisk ekstremhøgre gjennom å tala på eit friluftsmøte arrangert av det ungarske partiet Jobbik, saman med Roberto Fiore. Han heldt også ei tale på eit møte arrangert av det tsjekkiske nasjonalistpartiet SNS, og deira leiar Petra Edelmannovà vitja til gjengjeld ein BNP-festival i august 2008.

Både Jobbik og SNS har markert seg sterkt med åtak på roma-folket (sigøynarane); noko som har ein bitter bismak – særleg i Ungarn har det vore ei rekkje valdelege angrep på sigøynarar, inklusiv drap. Jobbik har sin eigen nær paramilitære fløy, Magyar Gárda.36 Antisemittismen veltar også fram, den nominelt uavhengige nettstaden jobbik.net intervjua til dømes Andras Balczo, bror til ein av dei leiande politikarane i Jobbik, i april 2009.37 Tittelen på intervjuet: «Ungarn er ein jødisk koloni.»

Ei høgreekstrem blokk?

At BNP ynskjer formalisert europeisk samarbeid med andre og tilsvarande parti synest å vera meir enn tydeleg. Eit slikt samarbeid er likevel ikkje vidare realistisk.

Det førre forsøket – der BNP ikkje var med (partiet var heller ikkje representert i europarlamentet) – stranda etter eit år, grunna interne skilnader av ein type som nær sagt er uunngåeleg mellom sterkt nasjonalistiske parti – nasjonalismen leier uungåeleg til åtak på minoritetar. Da det italienske europarlamentsmedlemet Alessandra Mussolini – diktatorens barnebarn – gjekk til åtak på rumenske immigrantar i Italia ved å uttala at kriminalitet «har vorte ein livsstil for rumenarar», flaut begeret over for det rumenske partiet i alliansen, som forlot samarbeidet.38 Dermed var det ikkje nok parlamentarikarar med til å kunna oppretthalda ei offisiell europarlamentsgruppe.

Eit nytt samarbeid ville støta på mengder av tilsvarande problem. Slovakiske SNS, rumenske PSR og ungarske Jobbik fører alle knallhard, rasistisk politikk mot roma-folket, men både PSR og SNS er samstundes markant anti-ungarske. Nasjonalistar frå ulike land ender, blant anna av historiske årsaker, ofte med å liggja i konflikt med kvarandre.

Det er også andre element som taler mot sannsynet av eit vidtrekkjande europeisk samarbeid. Sjølv om belgiske Vlaams Belang og nederlandske Partij Voor de Vrijheid i eit visst mon samlar støtte i dei same veljargruppane – ein del opne høgreekstremistar har også slutta varmt opp om PVV – har PVV-leiaren Geert Wilders gjentekne gongar distansert seg kraftig frå både VB og frå franske Front National. Eit politisk samarbeid ville ha ein ekstrem politisk kostnad for han.

Og medan Vlaams Belang når det gjeld økonomisk politikk ligg eit godt stykke til høgre, ligg både britiske BNP og til dømes slovakiske SNS eit langt stykke til venstre på politikken sin økonomiakse.

Nemnde Wilders er uttalt israelsvenn, medan Krisztina Morvai – ein av dei tre innvalde frå Jobbik – har gjort seg bemerka ved å råda «dei liberal-bolsjevikiske sionistane» til å «byrja å tenkja på kvar dei vil rømma og kor dei vil gøyma seg»,39 ved å skulda israelske leiarar for krigsforbrytelsar og ikkje minst ved å posta det som vert skildra som ein «obskøn antisemittisk post» på eit nettforum.40

Leiaren for bulgarske Ataka har, til liks med Griffin, få kvaler med å pleia kontakt med folk som David Duke. Vlaams Belang freistar på si side desperat å vaska hendene sine uskyldskvite, trass nok av historisk kontakt med same Duke. Det har blant anna gjeve seg utslag i at bilete frå eit møte mellom VB-politikarar, austerrikske høgreekstremistar og Siderov vart fjerna frå nettsidene til partiet.

Det einaste som verkeleg taler for eit formelt samarbeid, er millionane som ligg og ventar på dei som klarer å etablera ei formell partigruppe i EU-parlamentet. Det gjenstår å sjå om det er motivasjon god nok.

Kritisk masse for moderasjon?

Gjennomgangen over syner vonleg godt at BNP seglar under falsk flagg, eller – for å sitera den britiske venstreorienterte skribenten Edmund Fielding, at «BNP sitt eigentleg anliggande er rase, ikkje islam»:41

I tråd med sin strategi for å gjera BNP valbart, har Griffin freista å styra partiet i retning populistiske spørsmål, og han har plukka opp frykt og motvilje blant veljarane i eit forsøk på gjera desse temaa til ein trojansk hest for sin underliggjande rasistiske agenda. Sanninga er at BNP hatar muslimar fordi storparten av dei har brun hud. I ”kvit nasjonalistisk” ideologi, koker alt før eller seinare ned til at ein er besett av rase.

Samstundes er det ikkje til å sette under stol at eit kvart parti som modererer sine uttalte standpunkt for å vinna nye veljarar og medlemer også gjer nettopp det – og at ein heil del av BNP sin veljarar, og i det minste nokre av politikarane deira, faktisk er langt meir opptekne av islam og det påståtte islamske trugsmålet mot Europa enn dei er av raseteoriar.

I så måte er det eit interessant spørsmål kor vidt partiet kjem til å nå ein kritisk masse for moderasjon, eit tidspunkt der interndemokratiet gjer ein reell moderasjon uunngåeleg.

Så langt er det lite som tyder på det, ikkje minst fordi BNP sitt interndemokrati er alt anna enn velfungerande. Eit hinder er at det er naudsynt å samla 100 underskrifter frå BNP-medlemer for å utfordra Griffin som partileiar. Dei som har freista å utfordra Griffin openlyst har alle som ein mislukkast, og har vorte kasta ut av eller har forlatt partiet. BNP og Nick Griffin er to sider av same sak, og så lenge det heldt fram er den nasjonaldemokratiske målinga på det nyfascistiske skroget tynn og gjennomsiktig.

Noter


1 «Uiterst rechts en uiterst verdeeld», NRC Handelsblad, 9. juni 2009. Tilgjengeleg online: http://www.nrc.nl/europa/article2265724.ece/Uiterst_rechts_en_ook_uiterst_verdeeld
2 Denne og andre valkampbrosjyrar frå BNP og andre britiske parti er å finna på nettstaden thestraightchoice.org
3 «Hero's fury at BNP 'fake' pic», The Sun, 19. mai 2009. http://www.thesun.co.uk/sol/homepage/news/article2436087.ece
4 Sjå t.d. MacGregor, Adam: «A Short History of the Blackshirts», udatert. http://www.heretical.com/British/mosley2.html
5 Gjennomgangen her er vidare basert på History of British fascism frå Searchlight Magazine (udatert), på min eigen gjennomgang i boka Eurofascism (sjå www.eurofascism.info) og på wikipedia-artiklar om dei aktuelle personane.
6 Thurlow, Richard C: Fascism in Britain, 1987, s. 233
7 «Searchlight Leopards Do Not Change Their Marxist Spots», 3. mai 2006
8 Frå artikkelen «Why we must reject Judeo-obsessivism», som ikkje lenger er tilgjengeleg på BNP sine nettsider.
9 Gjennomgangen her er basert på artikkelen «Nick Griffin, BNP leader», som er å finna på hopenothate.org. http://www.hopenothate.org.uk/the-real-bnp/Profile-of-Nick-Griffin.php
10 Det er mykje som tyder på at det vart fabrikert bevis mot Fiore i saka, og svært lite som tyder på at han var direkte involvert. Fleire av dei som er dømt i samband med terroråtaket hadde imidlertid koplingar til Terza Posizione, den italienske tredjeposisjonist-gruppa der Fiore var ein sentral ideolog.
11 Boka er omsett til ei rekkje språk, blant andre svensk.
12 Political Soldier, a Statement, del 2.
13 Griffin og Holland vitja jamvel Libya, og turen skal ha vore betalt av Gadaffi.
14 Sjå til dømes Ryan, Nick: Into a World of Hate: A Journey Amongst the Extreme Right, 2004, s. 62.
15 Sjå www.europeannationalfront.org
16 Tyndall, John: «The authoritian state», 1962, sitert av Jackson, James i «BNP enemies of democracy», lesarbrev til The Independent, 8. mai 1994. http://www.independent.co.uk/opinion/letter-bnp-enemies-of-democracy-1434497.html
17 Sjå t.d. Ali, Andi: «The appeal of the BNP», The School of Historical Studies Postgraduate Forum e-Journal, Edition Three, 2004, s. 1-2. www.ncl.ac.uk/historical/postgrad_forum/ed_3/ed_3_ali.pdf
18 Sitert i artikkelen «Nick Griffin, BNP leader», som er å finna på hopenothate.org http://www.hopenothate.org.uk/the-real-bnp/Profile-of-Nick-Griffin.php
19 British National Party hadde i i 1993 vunne ein plass i eit lokalval i Millwall aust i London, der Derek Beackon fekk 34% av stemmene.
20 Dette samandraget er basert på ein artikkel til støtte for Griffin på nettstaden vho.org, ein av dei viktigaste plattformene for holocaustfornekting på nettet. Sjå: http://www.vho.org/aaargh/engl/RvsGRIFFIN.html
21 Sitert på Sitert på BBCs temanettsider «BNP: Under the skin», sjå http://news.bbc.co.uk/hi/english/static/in_depth/programmes/2001/bnp_special/the_leader/beliefs.stm
22 Sitert på Sitert på BBCs temanettsider «BNP: Under the skin», sjå http://news.bbc.co.uk/hi/english/static/in_depth/programmes/2001/bnp_special/the_leader/beliefs.stm.
23 Filmen er også tilgjengeleg på YouTube, med tittelen «BNP leader Nick Griffin with KKK terrorist (BNP)». http://www.youtube.com/watch?v=bfwdNAT8sWU
24 Blant andre deltakarar på denne konferansen var den franske «nye høgre»-tenkjaren Guillaume Faye, Ku Klux Klan-veteranen Don Black (som driv ein av verdas største nazinettsider, stormfront.org) og David Duke, ein internasjonalt vidgjeten antisemitt og holocaustfornektar.
25 Frå nekrologen over John Tyndall publisert på BNP sine nettsider 19. juli 2005. Same nekrolog prisa likevel Tyndall for å vera «ein av dei få... som har vore viljug til å ta risikoen ved å oppretthalda eit pro-britisk parti» i «ein nasjon av feigingar». (Ikkje gjenfunne på nett.)
26 Frå artikkelen «Nationalism and Israel», publisert på BNP sine nettsider 28. juli 2006. (Ikkje gjenfunne på nett.)
27 Robert Steuckers var i si tid med å skipa GRECE – ein nyfascistisk tenketank i Frankrike. Belgiaren forlot gruppa i 1993 etter ei konflikt med Alain de Benoist. Han står for ein antikapitalistisk, paneuropeisk nasjonalisme prega av völkisch-tenkning, og vert rekna for å vera ein framtredande tenkjar innanfor «det nye høgre», ein intellektuell nyfascisme. Han etterlyser ein «konservativ revolusjon». Sjå blant anna: http://fr.wikipedia.org/wiki/Robert_Steuckers
28 Vlaams Blok – det nyfascistiske partiet i Flandern i Belgia – heiter no Vlaams Belang. Roman forlot partiet i 1994 fordi han meinte det var for moderat. Han har sidan vore aktiv i blant anna det franskspråklege belgiske partiet Front National, som slektar nært til sin franske storebror.
29 Møtet fekk lita merksemd utover nyfascistiske krinsar, men er omtala hjå blant anna Spruyt, Marc: «Ku Klux Klan-leider komt naar Belgïe», Blokwatch, 1. desember 2006, sjå http://www.blokwatch.be/content/view/1090/47/lang,nl/ Eurorus har også eigne nettsider: eurorushomepage.wordpress.com. Nokre BNP-venlege bloggarar har freista å så tvil om at Griffin var på møtet i det heile, men tala han heldt der er referert på høgreekstremistiske nettstader, blant andre officialprussianblue.net.
30 Heywood, Todd: «British Racist Spouts Hate Speech as Hecklers Outnumber Supporters», Michigan Messenger, 30. oktober 2007. http://michiganmessenger.com/338/british-racist-spouts-hate-speech-as-hecklers-outnumber-supporters
31 Omtalt i «Texan joins thousands of Russian nationalists for anti-immigrant march in Moscow», International Herald Tribune, 4. november 2007 (ikkje lenger på nett.)
32 Wiginton, Preston: «Illegal Spells Cancer for the American Way of Life», udatert, www.noaztlan.org
33 Brevet er gjengjeve hjå Williams, Simon et al: «Nick Griffin political whore», Searchlight Magazine, desember 2007. http://www.searchlightmagazine.com/index.php?link=template&story=278
34 Sjå Gable, Gerry: «Disquiet in the BNP over a strange invitation», Searchlight Magazine, mai 2008. http://www.searchlightmagazine.com/index.php?link=template&story=230
35 Taylor, Matthew: «BNP's attempt to gain first European seat aided by man linked to ANC leader's killer», 8. mai 2009. http://www.guardian.co.uk/politics/2009/may/08/bnp-nick-griffin-arthur-kemp
36 Ungarsk vakt.
37 Intervjuet er på ungarsk, og er tilgjengeleg her: http://portal.jobbik.net/index.php?q=node/4430. Noko av det er sitert på engelsk i ein kritisk gjennomgang her: http://esbalogh.typepad.com/hungarianspectrum/2009/04/the-hungarian-farright-jobbik-.html
38 Omtala i t.d. «Cat fight on the far right: Mussolini's Romania comments split extremist MEP group», Reuters, 9. november, 2007.
39 Orszag-Lan, Thomas: «Hungarian Jews reeling from far-right party's gains», JTA, 8. juni 2009, sjå http://jta.org/news/article/2009/06/08/1005742/hungarys-jews-reeling-from-far-right-partys-gains
40 «Outrage over obscene anti-semitic Internet post by Morvai», politics.hu, 5. juni 2009, sjå http://politics.hu/20090605/outrage-over-obscene-antisemitic-internet-post-by-morvai. Morvai vert hevda å ha skrive: «Eg ville verta svært glad om dei som kallar seg sjølv stolte ungarske jødar leikte seg med sine små omskjærte pikkar i fritida, istaden for å driva smørjekampanjar mot meg. Dykkar type folk er vande til å sjå vår type folk stå rakt framfor dykk og justera seg til dykk kvar gong de prompar. Vil de no venlegst innsjå at dette er FORBI. Me har løfta hovuda våre høgt og me skal ikkje lenger tolerera dykkar form for terror. Me skal ta attende landet vårt.»
41 Standing, Edmund: «The BNP's real concern is race, not Islam», 1. august 2009. http://www.hurryupharry.org/2009/08/01/the-bnps-real-concern-is-race-not-islam/

_____

Denne artikkelen stod på trykk i Humanist nr 3/2009. Publisert på nett 20. mai 2010.

Siste saker fra FriTanke