Tidsskrift for livssynsdebatt

Kristian A. Bjørkelo
Av Kristian A. Bjørkelo

Unyansert om nazisex

Sex og rase i nazismen

Alt i alt er Sex under Hitler ei interessant og velskriven bok og ein god introduksjon til temaet, men den lider av manglande nyansar og ein trong til å sette alt som nazismen fatta seg med i eit så negativt lys som mogleg, konstaterer Kristian A. Bjørkelo.

Kristian A. Bjørkelo (f. 1978) er folklorist og fri­lans­skribent og til daglig ansatt ved Uni­versitetet i Bergen. Han er hovedansvarlig for den burleske salongen Absalong i Bergen.


Anna Marie Sigmund har skrevet en god, men for lite nyansert, introduksjon til temaet nazisme og sex, mener Kristian A. Bjørkelo.

Anna Maria Sigmund

Sex under Hitler. Seksualitet og rasehygiene i Det tredje riket

Oversatt av Øystein Rosse

Samlaget

_____

Det er utgjeven fleire bøker om spesifikke områder av den nasjonalsosialistiske sosial- og seksualpolitikken, men på norsk er det ikkje mykje som er skriven om seksualpolitikken som heilskap. Det er difor gledeleg å sjå at Samlaget gjev ut Anna Maria Sigmund si bok, Das Geschlechtsleben bestimmen wir. Sexualitat im Dritten Reich, opphavleg gjeven ut på tysk i 2008.

Den austerrikske forfattarinna er mest kjend for sitt trebindsverk om kvinner i Det tredje riket, og har med denne boka utvida perspektivet sitt til å gjelde heile det tyske seksualliv. Det er ikkje utan grunn at kapitlet om kvinner og bornefødselspolitikken (Lebensborn-prosjektet) i Det tredje riket er det mest solide kapitlet i boka. Den raude tråden gjennom boka er korleis det rådande nazipartiet til ein kvar tid kjempa for total kontroll over seksuallivet til innbyggjarane i Det tredje riket, og på kva vis dette var eit mislukka prosjekt.

Boka opnar med ei innføring i seksualiteten til føraren sjølv, Adolf Hitler. Eller den manglande seksualiteten. Mannen som forførte den tyske nasjon, og var eit ettertrakta sexobjekt for landets kvinner, var etter alt å døme sjølv ikkje særleg utagerande seksuelt. Han kunne snakke godt om kvinners skjønnheit, til dømes nederlandske jenter, men noko stor interesse for dei seksuelt viste han ikkje. Kanskje var det noko i den påståtte årsaka til at han aldri gifta seg med Eva Braun: Han var allereie gift med Tyskland og det tyske folk. Politikken kom i alle fall alltid først.

Det har alltid vore spekulert i Hitlers sexliv, det er dei som vil ha det til at han hadde eit seksuelt forhold til niesa si – det er til og med laga film om det. Sovjetisk propaganda ville ha det til at han levde eit utsvevande og orgiastisk sexliv, medan britane ville ha det til at han var impotent eller berre hadde ein testikkel.

Anna Maria Sigmund har sett på den nær pietistiske filosofien som låg bak føraren sitt syn på seksualiteten, som tildelte menn og kvinner høgst ulik kjønnsdrift og som fordra at ein la tøymer på den seksuelle aktiviteten. Her var førarens syn på intellektualiteten òg tydleg, då åndsmennesket ifølgje han ikkje fekk utløp for sin overskotsenergi om dei ikkje kombinerte sitt intellektuelle arbeid med fysisk arbeid. Og medan unge kvinner i Hitlers auge var nær fri for seksualitet, stolte han ikkje på intellektuelle kvinner, uavhengig av deira rasemessige stand. Og stemmerett skulle dei i alle fall ikkje ha, då «det meste av politikken er noko kvinner ikkje forstår seg på».

Jødehatet til føraren farga og hans syn på seksualiteten ifølgje Sigmund. «Den franske sjukdom», syfilis, som herja i Weimarrepublikken, vert av Hitler og hans tilhengjarar omdøpt til jødesjukdommen. Og kuren var ikkje jødisk medisin som Salvarsan, men tidleg ekteskap og prevensjon. Sjølv gifta han seg ikkje før i 1945 – og tok sitt eiga liv 40 timar seinare.

Trass eit strengt og pietistisk syn på seksualiteten, var òg føraren til dels liberal i sitt syn på promiskuitet og utanomekteskapelege aktivitetar. Hitler ivra på eit merkeleg vis for privatlivets fred, då han fekk satt ein stoggar for eit forbod mot ekteskapsbrot og protesterte mot at ugifte mødrer skulle måtte oppgje kven bornefaren var. Den slags intime detaljar måtte ei jente kunne ha for seg sjølv, meinte han. Det var langt viktigare å hindre at ein hadde seg med rasemessige underlegne, enn å hindre ein i å ha seg i det heile. Sjølv om staten i prinsippet forfekta eit konservativt borgarleg syn på seksualitet, så såg ein altså gjerne gjennom fingrane med ein del utskeiingar, særleg i blant leiinga i den nasjonalsosialistiske rørsla.

Sexgalne nazitoppar

Der Hitler var heller tilbakehalden med sine seksuelle aktivitetar, kan Sigmund skildre eit partileiarskap som var den rake motsetnad til sin førar. Ho skriv:

«Nazikadrane var ikkje akkurat moralske førebilete for det tyske folket. Ingen av toppleiarane var ærlege, prinsipptru, sportslege og spartanske, slik nasjonalsosialismen kravde. Mønsterekteskapa var sjeldsynte unntak, og ekteskapleg truskap spelte absolutt inga rolle.»

Hitler sjølv erklærte at hans provinsleiarar måtte få følgje sine lyster, og det var først og fremst dei som stod for spreiinga av rykte og avsløringa av skandalar som vart møtt med represaliar i Det tredje riket, ifølgje Sigmund, medan skandalemakarane gjekk fri.


Jøden som seksuelt rovdyr. En karikatur fra Julius Streichers rabiat antisemittiske tidsskrift Der Stürmer

Det er særleg Julius Streicher som får gjennomgå av forfattarinna. Under tilnamnet «Den blodige tsaren», var Streicher Hitlers mann i Franken, og utan han, hevda føraren, ville dei aldri ha vunne Nürnberg. Forutan å tene som provinsleiar i Franken, vart han ein kontroversiell karakter for utgjevinga av Der Stürmer, eit hårreisande antisemittisk tidsskrift.

Skandalar forfølgde Streicher, både i privatlivet, der han sjonglerte kone og elskarinne i full offentlegheit, og med sitt nær-pornografiske innhald i Der Stürmer. I bladet kunne han til stadig avsløre seksuelle overgrep og ritualdrap utførd av jødar og publisere lister over tyskarar han meinte å kunne prove hadde hatt ulovleg seksuell omgang med jødar. Dei som forbraut seg mot abortforbodet var heller ikkje trygge for spaltene i Der Stürmer.

Streicher, som fleire år tidlegare hadde mista jobben som skulelærar på grunn av korrupsjon og seksuell omgang med mindreårige, skapte seg nok fiendar i nazirørsla til at sjølv ikkje Hitler sitt vennskap klart å verne han til slutt. Han vart fjerna frå sin posisjon som provinsleiar i 1940, men Hitler sørgja for at han gjekk fri for ein kvar straff og han fekk halde fram med Der Stürmer.

Streicher er ikkje åleine om å verte trekt fram av Sigmund: Mellom andre Hermann Esser, Robert Ley, Joseph Goebbels og Heinrich Himmler får sine synder lista opp. Felles for dei fleste partitoppane er at Hitler verna om dei og rykta deira – og etterkvart vart rettsvesenet med på notane. Hitler brydde seg beint fram ikkje så mykje om dette, og handheva ein føydal moral i partiet, der «adelen» stod over smålege moralske omsyn. Bak kulissane vart det samla inn informasjon om partitoppane sine aktivitetar, men dette vart sjeldan tatt i bruk som pressmiddel.

Boka tar diverre ikkje denne overvakinga i særleg ettersyn, og ein saknar gjerne nokre velvalte ord om soga om bordellet til Kitty Schmidt som vart nytta av SD (Tryggleikstenesta) for å samle inn kompromitterande informasjon om partitoppane. Diverre uteblir «Salon Kitty» heilt frå Sigmund si framstilling av dei sexgalne nazitoppane.

Nazismens nakne hud

Kontrasten mellom den fromme nazistiske ideologi og den «liberale» praksisen kan vere vanskeleg å forstå og å forklare. I Mein Kampf skriv Hitler: «Vi må fri det offentlege livet frå den moderne erotikkens ekle parfyme og frå all umandig, snerpete falskleik.» Spørsmålet er kva er det er som utgjer denne falskleiken.

I eit forsøk på å illustrere dette problemet tar Sigmund for seg kunst- og kulturlivet i Det tredje riket. Nakenskap var ikkje uvanleg eller sensurert, så lenge det dreidde seg om sunne, ariske menneske i ein korrekt ideologisk kontekst. Her var det ikkje plass til borgarleg snerperi, argumenterte ein. Det er likevel vanskeleg å sjå kva som skil denne reine sunne nakenskapen, frå det som vart avvist som umoralsk og definert som «entartete Kunst», utarta kunst. Ein assosiasjon til jødar eller sosialisme var gjerne det avgjerande for at elles «sømmeleg» nakenskap vart definert som «usømmeleg» og kategorisert i lag med mellom anna abstrakt kunst. Ifølge nazistane sjølv var det slik at «nakenskapen i Norden verkar først overtydande når han er openberringa av noko høgare, noko gudeleg, når han skimrar gjennom skalet som noko evig og udødeleg».

Det er i utgangspunktet ikkje noko rart i at nazismen hadde eit liberalt forhold til nakenskap og framstillingar av nakne menneske, då delar av nasjonalsosialismen hadde sine røter i völkischer-rørsla og deira svermeri for det naturlege og naturismen. Den såkalla frikroppskulturen, Freikörperkultur, stod sterkt blant nasjonalsosialistane. Vakre germanske kroppar i fri dressur i den germanske natur, var eit bilete nazismen hylla og dyrka fram. Denne uskuldsreine og naturlege germanaren var fysisk aktiv, jordnær og urørt av det moderne, og slik ein evig skikkelse og eit førebilete i nazistisk propaganda. Dette var den nakne sanninga om det framtidige tyske folk slik nazileiinga såg det.

Eit folk utan born

Forfattarinna fortel om ein vits som gjekk runda i Det tredje riket: «Etter ordre frå Føraren blir svangerskap reduserte frå ni til sju månadar.» Dei som fortalde vitsen vart meldt for «å svekkje tiltrua til den politiske leiinga», noko som tyder at partileiinga kanskje var ein smule humørlause. Vitsen var ein respons til den nasjonalsosialistiske fødselspolitikken, som sterkt oppmoda alle ariske tyskarar til å produsere så mange born som mogleg. Eit ungt par kunne produsere opp til tjue born om dei gifta seg tidleg, kunne ein professor i rasehygiene erklære. Og om det var opp til Hitler og Himmler, så skulle nok fleire par ha satse på å nå dette måltalet. Sjølv såg Himmler for seg ei framtid der det monogame ekteskapet var erstatta av meir polygame forhold.


Nazistenes konsentrasjonsleire har gitt opphav til en helt egen sjanger av mer eller mindre smakfulle pornografiske skildringer av hva som foregikk der. Som oftest helt klart mindre.


Då nazistane kom til makta måtte dei innsjå at folketalet i Tyskland var dalande, og at deira slagord for å grunngje framtidig ekspansjon – eit folk utan land – ikkje heilt stemte overeins med røynda. Det var heller snakk om eit land utan folk, og skulle dei appropriere landområda austover måtte dei få fart i folketalet. For å stimulere til dette subsidierte dei storfamiliar og gav økonomiske lønningar til par som slo seg ned og gifta seg. Etter ei stund kom ein fast bornestønad og morskrossen i bronse, sølv og gull vart gjeven til ekstra fruktbare kvinner. For å oppmode til dette vart kvinners tilgang til yrkesliv og høgare utdanning innskrenka. Alt saman til inga nytte, om ein skal tru Sigmund. Kvinnene haldt fram med å ta seg arbeid i industrien, og etterkvart som krigsmaskina kravde sitt vart det òg heilt naudsynt med den ekstra arbeidskrafta.

I tråd med fødselspolitikken, som fordra avl av reinrasa tyske born, vart det satt i verk tiltak for å kvitte seg med tilbakeståande og hindre fødselen av blandingsborn. Eit av programma som vart satt i verk var Lebensbornprosjektet, ei av Himmlers fanesaker. I statuttane definerte Himmler målet som «å bidra til eit bornerikt SS. Å verne, pleie og forsørgje alle mødrer med 'godt blod'». I Lebensbornheimane kunne båe gifte og ugifte kvinner få det beste tilsynet, før og etter fødselen, med full diskresjon for dei ugifte. Det vart til og med tilbode opplæring til dei nybakte mødrene. Og alt i omgjevnadar som vert skildra som luksuriøse. Under krigen vart tilbodet òg utvida til å gjelde dei okkuperte landområda, og var gjerne ein trygg hamn for dei mange jentene som fekk born med tyske soldatar og som av den grunn vart trakassert av sine landsmenn.

Rykta om kva som gjekk føre seg bak murane på Lebensbornheimane var ganske ville, og lev i beste velgåande i dag. Det vart fortald om avlsprosjekt og valdtekt av unge jenter, og historiene vart etter krigen spreidd av journalistar og forfattarar som fråtsa i kombinasjonen av nazisme og sex. Sigmund går ikkje inn på dei same historiene som vart spreidd om konsentrasjonsleirane og dei såkalla horebrakkane. Historier som i etterkrigstida kom til å inspirere pornografisk litteratur i Israel og USA, samt ei rekkje, hovudsakleg italienske, filmar satt til leirane.

Skadedyra

Kanskje det mest omtala resultatet av Det tredje rikets seksualpolitikk var forfølginga av homoseksuelle. Som andre utsette grupper var homoseksuelle tiltenkt konsentrasjonsleirane i Tusenårsriket. Sigmund viser korleis tala av dømde etter §175, som kriminaliserte homoseksuell omgang, steig betrakteleg etter at nazipartiet kom til makta.

I ei drøfting av homoseksualiteten i Det tredje riket, kan ein ikkje komme unna Ernst Röhm, leiaren for nazistanes brunskjorter, Sturmabteilung (SA) som var instrumentelle i nasjonalsosialismens siger, både på den demokratiske arena og i gatekampar mot politiske motstandarar. Etter hans død i 1934 vart det gjort forsøk på å lage skandale av hans homoseksualitet, og skulde hans legning for at han var uønska i nazihierarkiet. Hans legning, og seksuelle utskeiingar, hadde likevel vore allment kjend i eit tiår. Som leiar for SA var han ein maktfaktor i nazipartiet, dette gjorde han òg til eit mål for dei som ville klatre opp.

Hitler vart overtydd om at Röhm og SA planla kupp, og den 30. juni 1934, Dei lange knivars natt, vart dei rydda av vegen. Etter dette forsvann òg dei fremste homoseksuelle i partiet, og det var opent fram for Himmler, som no hadde full kontroll over rettsapparatetet og starte sine forfølgingar av ”skadedyra”.


Der Eigene regnes som verdens første homoseksuelle tidsskrift. Det ble gitt ut fra 1896 til det ble lagt ned i 1931 på grunn av trakassering fra nazistene.


Medan homoseksuelle menn hamna i søkjelyset til Himmler, gjekk kvinnene i større grad fri, ifølgje Sigmund. Lesbiske kvinner var ikkje «interessante», og ein vurderte deira seksualliv som «harmlaus, leiken flørt, som uttrykk for ei eksaltert kvinneleg kjensleverd». Ingen lesber vart difor satt i konsentrasjonsleir. Lesbeklubber, som foreiningar for «piperøykjande kvinner» og «kjegleklubbar», vart stengd og tidsskrift, som den populære lesbeavisa som Die Freundin, vart lagt ned, på lik linje med Der Eigene og andre homoseksuelle tidsskrift mynta på menn.

Av dei 100 000 homoseksuelle som vart gripne, vart 50 000 dømt til tukthus og 15 000 til konsentrasjonsleir. Halvparten av desse overlevde. I dag reknar ein forfølginga av dei homofile som ein av nazistane sine brotsverk, men det skulle ta fleire år etter krigen før homofili faktisk vart legalisert i Tyskland og andre europeiske land.

Kva dei visste

Sigmund rundar av boka med to kapittel om seksualopplysing og seksuell «utukt», i Det tredje riket. Trass eit ønske om folkevekst og nedkjemping av kjønnssjukdomar, var det ikkje mykje seksualopplysing å hente for ungdom der. Det var heller tilfeldig kva informasjon dei hadde om emnet frå «vaksne», enten det no var skulevesenet eller foreldra, og det dei visste fekk dei først og fremst frå andre ungdommar og eigne erfaringar. Noko som i seg sjølv ikkje er så uvanleg. Unge gutar og jenter fekk erfaring gjennom møter i Hitlerjugend (HJ) og Bund Deutscher Mädel (BDM), og gjennom skjulte møter med soldatar på brakkane. Sigmund kan òg fortelje om prostituerte hitlerjugend og ungdommelege orgiar som følgde appellane i HJ og BDM.

Dei som ikkje fann vegen inn i HJ og BDM, fann seg gjerne til swingklubbar og ymse bandar som skjulte seg bak kulissane i Hitlers Tyskland. Dei var dedisert til «usosial åtferd», som festing og dansing til angelsaksiske rytmar. Her òg kunne ein finne ville seksuelle utskeiingar og miljøa vart slått hardt ned på av den nasjonalsosialistiske staten.

Lik seksualopplysinga, vart samfunnets skuggeside gravlagd av nazistanes propagandaapparat. Det var ikkje meininga at folk skulle ha kjennskap til det som gjekk gale, særleg ikkje om det braut med nazistane sitt offisielle verdsbilete. Nazistane, med skjerping av lovverket og auka myndigheit til dei ulike politiinstansane, klarte faktisk å få ned kriminaliteten. Den kriminaliteten som framleis eksisterte vart forteia, særleg om den ikkje kunne skuldast på definerte fiendar av staten, som jødar og andre artsframande. Då krigen braut ut, mista dei likevel mykje av kontrollen. Særleg på seksualbrot. Forbodet mot prostitusjon vart erstatta av statlege og militære bordellar, og myndigheitene sleit med å kontrollere den sosiale og seksuelle omgangen mellom kvinner og utanlandske krigsfangar og arbeidarar.

Etterkvart som krigen raste, jobba myndigheitene febrilsk med å dekke over det dei kunne – og å finne syndebukkar for resten. Som Bruno Lüdke, den tilbakeståande seriemordaren som fekk skulda for over 80 seksuelle drap. Internt måtte dei medgi at den moralsk overlegne nazistaten ikkje var fullt så feilfri og moralsk som dei hadde planlagd. Alt i alt, meiner Sigmund, var moral- og seksualpolitikken i Det tredje riket ein fiasko. Det viste seg umogleg å regulere og forme folks kjensleliv og seksualvanar.

Monsterskildringar

Ein skal gjerne ikkje reagere på at ein forfattar har ei torn i sida til nazismen, men det er openbart at Anna Maria Sigmund ikkje har den distansen til materialet som skal til for å formidle det med den objektivitet som historieskriving krev. Det er rimeleg stor semje om at nazismen representerar menneskeheita på noko av sitt verste, og mange leiande nazistar var langtfrå «normale» trivelege menneske, men er det av den grunn naudsynt å krydre skildringa av dei med nedsettande karakteristikkar og adjektiv ved kvart eit høve? Å stadig ty til karakterdrap styrker ikkje truverda til forfattarinna og ein sitt att med ei mistanke om at ho lar sine kjensler styre utvalet av data som vert presentert. Korleis kan det ha seg at Hitlers aseksualitet vert presentert med same avsmak og som eit like stort avvik som hans kumpanars interesse for sex? Begge deler vert framstilt med same negative forteikn.

Hennar framstilling av homofili ber sterke preg av hennar utveljing av data og unyanserte perspektiv. At homofile var eit av nazismens mange ofre, er det ikkje noko tvil om, men i kva grad og kvifor er eit spørsmål som vert debattert, og som forten å verte debattert i ei slik bok òg. Ho klarar med rette å peike ut Dei lange knivars natt, 30. juni 1934, som eit vendepunkt i behandlinga av homofili i Det tredje riket, men ho overser kva innverknad Ernst Röhm og andre homofile hadde på nasjonalsosialistisk politikk. Det var ikkje noko nytt at Röhm var homofil, det var ein open løyndom og noko venstresida (då den framleis eksisterte) freista å nytte mot nazistane i sin propaganda.

At det for mange nasjonalsosialistar var ei kampsak på 20-talet å oppheve forbodet mot homoseksuell omgang, vert ikkje nemnt med eit ord. Elles i boka vert eit vitneutsegn om kva Hitler skal ha sagt om homofili tillagt meir vekt enn Hitlers eigne skrivne ord der han gjev uttrykk for ikkje å bry seg. Forfattarinna har nok sine grunner for sitt utval, men det kan vi ikkje vete så lenge ho ikkje problematiserar og synleggjer desse nyansane.

Som døme på kor stor tabbe nazistane gjorde med sin ekskluderingsfilosofi, nemner ho mellom anna at dei utelukka bidrag frå jødar som Albert Einstein og homofile som Alan Turing. Sistnemnte var ein britisk kryptolog som var sentral i knekkinga av den tyske enigmakoden. Det ho utelet då er at då dei allierte i krigen oppdaga hans legning, som følgje av eit forhold til ein nordmann, vart han kasta ut av etterretninga og utelukka frå det gode selskap. Han tok sitt eige liv kort etter. Det er eit vågestykke å bruke han som eit symbol på dei alliertes toleranse.

Alt i alt er Sex under Hitler ei interessant og velskriven bok og ein god introduksjon til temaet, men den lider av manglande nyansar og ein trong til å sette alt som nazismen fatta seg med i eit så negativt lys som mogleg. Eit heiderleg unntak er gjennomgangen av Lebensbornprosjektet, som gagna fleire kvinner og borna deira. Boka hadde vore tent med langt meir problematisering av tematikken og til eit meir omfattande utval av fakta, men her bør ein kanskje ty til anna tilgjengeleg litteratur.

_____

Denne artikkelen stod på trykk i Humanist nr 3/2010. Publisert på nett 9. november 2010.

_____

Enig? Uenig? Bare generelt sur? Diskuter gjerne denne saken hos Den Tvilsomme Humanist.

Siste saker fra FriTanke