Tidsskrift for livssynsdebatt

Kristian A. Bjørkelo
Av Kristian A. Bjørkelo

Brunbloggarar og nazileksikon

Høgreekstreme strategiar på nett

Internett er den perfekte arena for marginale rørsler med lite pengar. Mediet er difor perfekt for høgreekstremistar. I denne artikkelen ser Kristian A. Bjørkelo på korleis høgreekstreme har nytta verdsveven sidan byrjinga.

Kristian A. Bjørkelo (f. 1978) er folklorist og fri­lans­skribent og til daglig ansatt ved Uni­versitetet i Bergen. Han er hovedansvarlig for den burleske salongen Absalong i Bergen.

Høgreekstreme har alltid vore tidleg ute til å utnytte ny teknologi. Dette er strengt tatt ikkje noko nytt, den tyske nasjonalsosialismen var ein pådrivar for teknologisk nyvinning, og deira store militære suksess kan òg verte tilskriven at dei var teknologisk overlegne1.

I etterkrigstida har det hovudsakleg vore ressursmangel og liten oppslutnad som har kravd at nazistar og andre ekstreme grupper har måtte vere villige til å tenkje nytt og ta i bruk det siste teknologien har å by på. Anten det no har vore BBSar, verdsveven eller YouTube og Facebook har ekstremistar vore snare til å ta i bruk desse systema. Gjerne snarare enn dei styresmaktene som skal overvake denne type aktivitet. Dei har òg vore snare til å innsjå kva potensial som ligg i å kunne distribuere og tilgjengeleggjere informasjon og “nyttige tips” til eit større publikum.

I 2008 blir ein somalisk pirattaxisjåfør drepen på Heimdal i Sør Trøndelag fordi han var muslim. Gjerningsmannen var ein ivrig nettbrukar, og hadde uttrykt sin frustrasjon om utlendingar og muslimar på nettfora som Hegnar Online. I 1999 planta nynazisten David Copeland tre spikerbomber på ulike tidspunkt. Bombene var retta mot utlendingar og homofile, og inspirasjonen fann han i eit nettverk av valdelege nynazistar. Same året gjekk Buford Furrow til åtak på eit jødisk kulturhus i California. Han skada fleire born, og drap ein filippinsk postmann. Han var ein aktiv medlem av nazinettstaden Stormfront, og hadde nytta internett for å leite etter gode mål for aksjonen sin. På nittitalet var Alex Curtis ein framståande forkjempar for Einsam ulv-strategien, og på nettet publiserte han poengsystem for drap på rasefiendar. Allereie på 80-talet var liknande apparat tilgjengelege på nett, alt frå dødslister til instruksjonsbøker som Anarkistens kokebok.

Det er slik ingenting nytt med at Anders Behring Breivik fann inspirasjon for gjerningane sine på internett. Heller ikkje er det nytt at han vel å spre kompendiet sitt med instruksar og poengsystem på det samme nettet. Valdelege ekstremistar finn ideologi og instruksjonar for aksjonar lett tilgjengeleg online. Dei fleste som har utførd slike aksjonar har tilhøyrd den ekstreme høgresida, og fokuset i denne artikkelen vert difor på dei2 - i første omgang på grupper ein kan kalle nynazistiske.

Som det meste anna som har med nettet å gjere, så er det naturleg å sjå til amerikanske tilstandar og til amerikanske nettsider, då desse er blant dei mest besøkte. For seinare tids høgreekstremistar, som kontrajihadistane, er europeiske nettsider derimot langt meir sentrale. I denne artikkelen vil eg utforske nokre av dei meir sentrale aktørane dei siste tredve åra.

I byrjinga

Internett består av datamaskiner og serverar knytt saman i større og mindre nett. Dette var på plass lenge før verdsveven (www) slik vi kjenner han. Kjerna av det som skulle bli internettet var ARPANET, eit nettverk utvikla av forskarar og det amerikanske forsvarsdepartementet. ARPANET var aktivt fram til byrjinga av åttitalet, då det vart underordna nyare protokollar for kommunikasjon. 80-talet såg framveksten av ein kultur for private aktørar på internett som kommuniserte med kvarandre på nett ved hjelp av modem. Mest interessant i denne samanhengen er dei såkalla Bulletin Board Systems, BBSane.

Ein BBS er ei elektronisk korktavle som inneheld informasjon av ulik art, som ein ringer opp via modem og telefonlinja, slik at ein kan leggje att noko eller laste ned noko av det som ligg der. For å nå ein BBS treng ein eit telefonnummer, og fleire, særleg dei som syslar med lyssky eller kriminelle aktivitetar, kravde eit passord for at ein skal ha tilgang. Dersom ein vart funnen tillitsverdig, kunne ein på 80-talet betale for tilgang til nynazistiske BBSar. På desse BBSane kunne aktivistar finne lister over grupper med likesinna, eller enkeltpersonar dei kunne kontakte i sitt nærområde eller stadar dei vitjar. Djupare inn i systemet kunne dei finne oversikt over stadfesta politiinformantar, forrædarar og motaktivistar. Ein kunne òg finne tips om gode terrormål. På BBSane kunne ein vidare finne strategiar for urban krigføring og terror, samt oppskrifter på eksplosiver og anna som ein valdeleg aktivist kunne trenge for å gjennomføre sine aksjonar.

Det var amerikanske høgreekstremistar som skulle vise vegen til å nytte den nye teknologien. Den første nynazistiske BBSen kom allereie i 1983 og var driven på ein Apple II. BBSen vart oppretta av George Dietz som var opphavleg frå Tyskland, og som jamleg skrytte av å ha tenestegjort i Hitlerjugend. Dietz sitt tidsskrift, Liberty Bell, var lenge rekna som det største nazistiske og antisemittiske propagandaapparatet i USA, og BBSen Liberty Bell Info (evt. Info. International Network) var basert på dette grunnlaget.

I juni 1984 vart BBSen Aryan Nations Liberty Net oppretta av Ku-Klux Klan leiaren Louis Beam. Året før hadde han publisert eit essay om leiarlaus motstand som den dag i dag er ei viktig inspirasjonskjelde for høgreekstremistar verda over. Taktikken er òg den same som er omfamna av jihadistar som Al Qaeda. Beam forfatta òg eit poengsystem for politiske drap, ikkje så ulikt det systemet som Anders Behring Breivik foreslår i sitt kompendium. I 1988 vart Beam invitert til å ta over leiarskapen av den “identitetskristne” gruppa Aryan Nations etter pastor Richard Butler, men han avslo fordi han foretrakk å jobbe for seg sjølv. Louis Beam er framleis aktiv.

Kort tid etter at Beam lanserte sin BBS, lanserte White Aryan Resistance (WAR), sin eigen BBS. WAR BBS vart ifølgje enkelte drifta på ein Commodore 64, og fungerte på same vis som dei andre. BBSen var drifta av Tom Metzger og inngjekk i det som vart eit ganske omfattande medieapparat rundt han som person, inkludert talk-shows på kabel-tv. Det er vanskeleg å undervurdere den rolla Tom Metzger har hatt for høgreekstremismen, ikkje berre i USA, men òg i resten av verda. White Aryan Resistance har inspirert til organisering i både Noreg og Sverige, der dei fungerte under namnet Vitt Ariskt Motstånd.

White Aryan Resistance er som namnet tilseier ein organisasjon som prioriterer å fremje motstand og aksjonar, og dei er difor gjerne meir “praktisk” anlagt enn andre organisasjonar. I informasjonsmaterialet deira finn ein gjerne praktiske tips og forslag til korleis ein kan utføre aksjonar. Ideologisk sett så representerer WAR reindyrka rasisme og nynazisme, utan den underliggjande religionen ein finn hjå til dømes Aryan Nations, og Metzger var tidleg ute i å rekruttere nazi-skinheads som valdelege handlangarar for rørsla. Han har òg prøvd seg på miljøa knytt til såkalla tredjeposisjonisme3.

Metzger sine nettaktivitetar heldt fram inn på nittitalet, og kom òg til å inkludere rasistiske propagandaspel. Dette var amatørmessige skytespel, truleg produsert internt i organisasjonen, og var prega av grov rasisme4.

Og så kom verdsveven

Med 90-talet kom verdsveven slik vi kjenner det. WWW og HTML erstatta BBSane, og verdsveven vart langt meir tilgjengeleg og opna opp for langt lettare publisering av politisk propaganda. Særleg gjorde gratis nettsider som Geocities det lett for sjølv små ekstreme fraksjonar å ha ei nettside og ei kontaktadresse ute. Informasjonen som ikkje skulle vere offentleg kunne ein no distribuere på epostlister og lukka diskusjonsforum. Tom Metzger og WAR etablerte seg med www.resist.com. Gjekk ein inn på Resist.com i 1997 ville det første ein møtte vere reklame for to bøker med rasistiske teikneseriestriper. Sida sjølv reklamerte med å vere ein “White Aryan Resistance Hate Page”, med både postboks og telefonnummer tilgjengeleg under overskrifta “Box 65 Fallbrook CA 92088 (900) 336-2020 ext 573”. Med oppmodinga om å “Click Here to Experience WAR” vert det etterlatt lite tvil om kva denne sida handlar om. Metzger var ikkje tilbakehalden med propagandaen sin, men smurte tjukt på med lovnadar om rasisme- og hatrelaterte produkt og informasjon - bøker, videokassettar og meir.

Ku-Klux Klan og andre grupper etablerte seg òg med eigne nettsider og utsal av propagandamaterial. Og lik Metzger si WAR-side var dei kanskje kjenneteikna av middelmådig design og overtydeleg kommunikasjon av ideologi og bodskap. Sidene var ikkje mynta på potensielt nye rekruttar, men folk som allereie var overtydde rasistar.

Det same kan vi seie om dei norske ekstremistane sine nettsider. Michael Knutsens magasin Fritt forum, Norges Nasjonalsosialistiske Bevegelse (NNSB), Nordeffekter5 og fleire andre etablerte nettsider i løpet av 90-talet, prega av amatørmessig design og innhald. Målet for nettsidene på 90-talet var framfor alt å virke som reklameplakatar for organisasjonane som stod bak. Innhaldet var gjerne lite dynamisk, og tidvis veldig klumsete utførd. Om vi ser attende på Metzger si WAR-side finn vi at den i byrjinga av 1997 bestod av bilete, ikkje html-sider, med reklamemateriell for produkt som kunne tingast gjennom postordre.

Venstreradikalarar og ekstremistar tok òg til nettet i denne perioden, og danna fleire nettverk som skulle komme til å leie fram til dei store demonstrasjonane mot Verdsbanken og WTO. Dei hadde ein fordel i at dei hadde større rekrutteringsgrunnlag, og slapp å gjere det i det skjulte, slik høgreekstremistar gjerne har gjort. Dette trass for at òg venstresida var involvert i lyssky aktivitetar - frå geriljakrig i Sør-Amerika til valdeleg aktivisme i nord. Ei side som synleggjer denne blandinga, og som har gått i gløymeboka, er BURN - Nothing ever burns down by itself, som var lagra på serveren til University of California, San Diego (burn.uscd.ed). BURN var eit knutepunkt for informasjonsutveksling for særs varierte radikale grupperingar på venstresida, alt frå tradisjonelle marxistiske opprørarar og terroristar til den steinkastande svarte blokka som vart lagt merke til under antikapitalistiske demonstrasjonar. Sidan sida var lagra på serverar tilhøyrande universitetet i California, hadde ikkje sida særleg vern når styresmaktene ville ha sida stengt. Særleg var det deira lenker til FARC, Fuerzas Armadas Revolucionarias de Colombia, som fekk kritikk. FARC er ein colombiansk marxistisk-leninistisk geriljahær kjent for kidnappingar og er lista av fleire land, inkludert USA, som ein terrororganisasjon.

BURN, som vart tatt ned i 2003, var ei side og eit nettverk med klart venstreradikalt preg, men som passar inn i denne samanhengen då den nyleg dukka opp i referanselistene til Anders Behring Breivik som ein nettstad der ein kan lære om revolusjonær strategi. Det er ikkje uvanleg at høgreekstremistar nyttar seg av venstresida sine ressursar på dette viset.

Storm frå høgre

Av alle nettsidene og nettfora på 90-talet, så er det eitt som skil klart seg ut - Stormfront. Stormfront oppstod først som ein BBS, men vart i 1995 etablert som eit diskusjonsforum på verdsveven. Mannen som står bak er Don Black, tidlegare Grand Dragon i Ku Klux Klan, og ein driven forkjempar for rasistisk hatkultur. Black har lenge vore ein pådrivar for bruk av teknologi innanfor det nynazistiske miljøet. I dokumentarfilmen Blood in the Face frå 19916, oppmoder han ei forsamling med rasistar og nynazistar til å ta i bruk videokassettar som propagandaverkty.

I 1995 kunne Black forklare i eit intervju at internett var til stor hjelp for ei lita rørsle utan naudsynte ressursar, og han understreka mellom anna at aktørane på internett kunne vere anonyme og kommunisere uavgrensa med likesinna7. Dei første fem åra var Stormfront ei ressursside. Etterkvart kom det ein integrert chat og høve til å la Stormfront vere server for andre høgreekstreme sider. I 2001 vart det oppretta eit forum, og på midten av 2000-talet vart dette forumet framsida på Stormfront, slik som det er i dag.
Stormfront har vore vellukka fordi det har vore under stadig utvikling. Don Black kunne HTML og forstod seg på databasar, noko som gjorde det mogleg for sida å henge med i svingane etterkvart som verdsveven utvikla seg, med stadige oppdateringar og utvida tilbod. Kjerneverksemda for Stormfront kan ein seie er å fungere som ei informasjonsteneste, og i dei første åra var det altså snakk om oppdaterte nyhendebulletin, epostliste og artiklar. Tenestene kom til å inkludere støtte for fleire andre sider, inkludert ein versjon av Stormfront som retta seg mot ungdom, samt MartinLutherKing.org, ei side som hevder å fortelje sanninga om den kjende borgarrettsaktivisten. Denne sida er bygd for å komme høgt opp på søk på Martin Luther King, slik at skuleelevar som jobbar med oppgåver om han vil klikke seg inn og hente informasjon herifrå. Om eleven klikkar seg inn på ei lenke for å lese om Kings taler og essays, vil han eller ho verte ført vidare til ei side som hevdar at han plagierte andre sine verk og var ein valdeleg sexgalning som utnytta kvite kvinner. Det er og rikeleg med informasjon om jødane si makt i borgarrettsrørsla.

Ei anna årsak til suksessen kan vere at Jamie Kelso8, ein vidkjend høgreekstrem aktivist og eks-scientolog, kom ombord som moderator og pådrivar for sosial aktivitet på forumet i 2002-2003. I tillegg kom storleikar i det høgreekstreme miljøet som David Duke, den verdskjente tidlegare Ku-Klux klan-leiaren, med som bidragsytarar til debattane.

Då Stormfront frå midten av 2000-talet vart meir fokusert mot forumaktivitetar, vart dette forumet staden der det skjer. Om noko rørte seg blant høgreekstreme krefter i USA, og i resten av verda, kunne du vere rimeleg sikker på å finne det omtala eller drøfta i ein av trådane her. Slik er det framleis. Frå undergroundkonserter til dating til storpolitikk, her er alt på bordet for open diskusjon mellom likesinna. Her finn du òg eit eiga underforum for kvinner, der kvinner samlast for å diskutere kvinnesaker (menn har tilgang, men er ikkje mykje velkomne). Stormfront samlar tusenvis av brukarar. I skrivande stund har forumet nesten ein kvart million registrerte brukarkontoar. Er du gjennomsnittleg interessert i høgreekstremisme, så er du innom i ny og ne, og er du over gjennomsnittet høgreekstrem, så har du ein konto her.

Eit modent internett

På 2000-talet fekk alle politiske organisasjonar med respekt for seg sjølv si eiga nettside, og ny teknologi gjorde verdsveven langt meir sofistikert. Fleire og fleire var i stand til å meistre eksisterande system, og nye, meir brukarvennlege, system for kommunikasjon og publisering dukka opp. Kor mange høgreekstreme sider som vart oppretta er det usemje om, ulike organisasjonar har rapportert om alt mellom 300 og 60 000 såkalla “hatsider” på nettet på byrjinga av 2000-talet.9

Samstundes har innhaldet på sidene endra seg. Tom Metzger si primitive White Aryan Resistance-side eignar seg dårleg til å rekruttere dagens nettbrukarar. Ikkje berre er det nyare publikummet langt meir sofistikert i si tekstforståing, men lovverket mot hatkriminalitet har blitt stramma inn og styresmaktene overvakar i større grad aktivitetar på verdsveven. Ein vert difor ikkje lenger møtt med eit hav av hakekross, rasistiske kommentarar og hatefull retorikk når ein klikkar seg inn på høgreekstreme sider. Bodskapen ligg no gjerne djupare i teksten. Nettsider som American Civil Rights Review (no lagra under American USSR) presenterer populære anti-statlege konspirasjonsteoriar og kritikk av den politiske verda. På overflata er innhaldet ikkje verre enn andre nettsider, men grev ein djupt nok finn ein reinvasking av slaveriet og nazipropaganda - men ingen hakekross. Slike sider kan i langt større grad fungere som inngangsporter til høgreekstreme sitt tankeunivers, enn openbert rasistiske propagandasider.

Teknologisk utvikling på 2000-talet gjorde det ikkje berre lettare å lage gode nettsider, det opna opp for nye vis å kommunisere enkelt på. Ekstreme grupper og enkeltpersonar som har mykje på hjartet har kasta seg over dette høvet med stor iver. Eit søk på nettet vil finne tallause bloggar og YouTube-kanalar dedikert til ytterleggåande meiningar og propaganda. Dette er kommunikasjonskanalar som ein treng lite teknisk utstyr og talent for å ta i bruk.

Norden i dag10

Det er klart at mesteparten av aktiviteten blant ekstremistane foregår utanfor Noreg. Dette har ulike årsaker. Det er få ekstremistar der ute, særleg i eit lite land som Noreg, og det er først i eit internasjonalt perspektiv ekstremistane har noko talmessig tyngde. I Noreg har høgreekstremistar alltid vore eit marginalt fenomen, og det har vore særleg vanskeleg å rekruttere og organisere seg etter drapet på Benjamin Hermansen i 2001.

Av våre naboland er det særleg Sverige som har blitt sentralt for nynazistisk organisasjonsverksemd. Nordisk.nu, oppretta i 2007, er eit diskusjonsforum basert i Sverige som samlar ytterleggåande nasjonalistar, nazistar og liknande frå dei nordiske landa. Det er altså eit regionalt svar på Stormfront, og kan skryte av om lag 20 000 registrerte brukarar.

Bak Nordisk.nu står Nordiska Förbundet, ei gruppe som sprang ut frå det svenske nazimiljøet, men som ønskte å drive mindre med direkte politisk arbeid og heller engasjere seg i metapolitikk etter modell frå marxisten Antonio Gramsci. Nordiska Förbundet ville påverke gjennom produksjon av bøker og musikk11, samt konsertar og taler som på Nordiska Festivalen. Nordiska Förbundet vart formelt oppløyst i 2010, men fleire av initiativa som forbundet starta, slik som Nordisk.nu, lev vidare.

Nordisk.nu tiltrekk seg debattantar av ulikt slag på den ytterleggåande høgresida, og er delt inn etter tema og nasjonalitet, slik at dei som er interessert i å diskutere enkelte tema eller med sine landsmenn lett finn fram. Aktiviteten på Nordisk.nu har dabba av den siste tida. Noko av årsaka til dette er nok at Nordiska Förbundet er lagt ned, og at dei har vore plaga av store organisatoriske problem, til dømes at dei mista medlemslister og passorda til antifascistiske grupper. Framveksten av alternative høgreekstreme kommunikasjonskanalar, som den svenske konkurrenten Frihet.nu og ikkje minst Facebook sin enorme suksess, har òg medverka til fråfallet frå Nordisk.nu.

På kulturfronten

Eit anna vis Nordiska Förbundet lev vidare på er gjennom bloggportalen Motpol.nu, som samlar ei rekkje bloggarar frå ulike høgreekstreme posisjonar. I tråd med Nordiska Förbundet sin ideologi og strategi ønskjer ein framfor alt å påverke gjennom det intellektuelle og det kulturelle, og ein skal vere inneforstått med ei rekkje høgreradikale tenkjarar og koder for å forstår kvar desse bloggarane står politisk. Mellom dei markante bidragsytarane her fann ein i byrjinga den norske “Autonom”, med det eigentlege namnet Tord Foorabally Morsund. Morsund var ei stigande stjerne i miljøet før intern strid førte til eit brot.

Tord Morsund vart kjend i norske medier etter å ha delt talerstol med tidlegare nemnte David Duke på ein av Nordiska Förbundets festivalar. Morsund publiserte i ein periode sitt eige kulturtidsskrift, Nation & Kultur, på nett. Sjølv om prosjektet ikkje hadde lang levetid, var Nation & Kultur ein indikator på kva retning nokre høgreekstreme miljø i norden kom til å ta framover. Politikken vart tona ned, medan nordisk kultur og historie vart løfta fram.

Ein forgjengar til dette kan hevdast å vere Allgermanische Heidnische Front (AHF) som vaks ut av Norsk Hedensk Front, grunnlagd i 199312. AHF var ein nazistisk organisasjon som vektla norrøn symbolikk og blodsmystikk. AHF hadde underbruk i heile Skandinavia, men aktiviteten var i stor grad på nett og det er usikkert kor mange medlemmar dei faktisk hadde. Fleire av dei som var aktive i AHF i norden, har i seinare tid dukka opp i miljøet rundt KulturOrgan Skadinaujo, betre kjend som KultOrg, grunnlagd i 2000. Dette er ein skandinavisk organisasjon13 der mesteparten av aktiviteten er sentrert rundt produksjonen av tidsskriftet med same namn. Det er ingen openberre nazistiske symbol eller forfattarar å finne på nettsidene, og KultOrg framstår som relativt av-nazifiserte om ein ikkje kjenner til referanserammene deira.
Dette er aktivitetar som framfor alt avgrenser seg til ein handfull enkeltindivid, og ein må spørre seg om det i det heile tatt hadde vore mogleg for dei å iverksette publikasjonar og kome i kontakt med kvarandre utan Internett. Verdsveveven medverkar òg til å styrke samhaldet deira, og deira ideologiske tryggleik. Det same gjeld for det nyaste utskotet av høgreekstreme, kontrajihadistane.

Kontrajihadistane - eit nettfenomen?

I løpet av 2000-talet har kontrajihadistane vakse fram som ein variant av høgreekstremismen. Den einaste rettesnora i politikken deira er motstand mot islam og muslimar. Typisk for kontrajihadistane er at dei nektar for band til tradisjonelle høgreekstremistar og at dei ofte forfektar å vere anti-fascistiske og pro-israelske. Denne ideologiske linja har fått sitt utslag i organisasjonar som English Defence League (EDL) og Stop the Islamization of Europe, samt lokale variantar som Norwegian Defence League (NDL) og Stans islamiseringen av Norge (SIAN)14. I skrivande stund har Stans islamiseringen av Norge brote sine band med Stop the Islamization of Europe, over spørsmålet om styrka band til English Defence League, den nye utbryterorganisasjonen SION er starta i kjølvatnet av dette15.

Trass mykje merksemd rundt desse organisasjonane og deira evne til å lage bråk på gata, er ikkje desse gruppene store eller velorganiserte. Hovudtyngda til det kontrajihadistiske miljøet og deira aktivitet må derfor seiast å liggje på nettet.

Kontrajihadistmiljøet på nett har delvis sitt opphav i krinsane rundt krigsbloggarane som vaks fram i etterkant av 11. september 2001, og som forsvarte krigen mot terror og invasjonane av Afghanistan og Irak. For nokre vart iveren for å forsvare krigen mot terror einstydande med ein krig mot islam og muslimar. Dei fann seg snøgt i selskap med eit framveksande miljø av islamfiendtlege høgreradikalarar i Europa og Amerika, knytt til det franske “Nye Høgre” (Nouvelle Droite), den amerikanske Tea Party-rørsla og ulike nyfascistiske miljø som til dømes flamske nasjonalistar.

Kontrajihadistmiljøet har hamna i søkjelyset etter terroraksjonen 22. juli ifjor, då det viste seg at Anders Behring Breivik hadde frekventert og funne inspirasjon hjå miljøets nettsider. Døme er Atlas Shrugs, Gates of Vienna, Anti-jihad Norge og enkeltpersonar som den norske bloggarar Fjordman og amerikanske Bruce Bawer (som er busatt i Noreg). I utkanten av miljøet finn ein fleire mindre, og valdelege, nettverk med namn som Order 777 og PCCTS, Pauperes commilitones Christi Templique Solomonici, som leflar med krosstog og tempelriddarsymbolikk16.

Spreidd rundt desse har ein eit hopetal med kommentatorar, både anonyme og ikkje, i bloggar, i nettavisene, på diskusjonsfora og i sosiale media som Facebook. Desse gjev si støtte til kontrajihadistane sin høgreekstreme og islamfiendtlege agenda på eit vis dei aldri ville gjeve til “tradisjonelle” fascistar, nazistar og nynazistar. Dette kan kanskje gje inntrykk av at miljøet har ein viss styrke og oppsluttnad i opinionen, men forsøk på å mobilisere syner det rake motsette. I Aarhus 31. mars i år klarte kontrajihadistane berre å samle eit par hundre menneskje til ein internasjonal “anti-islamsk” demonstrasjon. Fleire tusen frå heile Norden møtte til motdemonstrasjon.
Trass kontrajihadistane sitt omkved om at dei er antifascistar og støtter Israel, overlappar kontrajihadistmiljøet med tradisjonelle høgreekstreme miljø. Gamle antisemittar finn opp seg sjølv på ny som anti-islamske. Eit døme er Øyvind Heian, tidlegare kjent frå nazigruppa Vigrid. Gjennom sitt parti Norgespatriotene fekk Heian nye vener i SIAN, og står saman med dei mot den “muslimske masseinnvandringa”. Dette er ein del av ei ideologisk reise der det ekstreme høgre freistar å verte meir husreine. Dei har oppdaga at innvandrarskepsis og framandfiendskap er lettare å selge, og for samfunnet å svelge, om det er retta konkret mot islam og muslimar17.

Web 2.0

Internett er ikkje berre eit verkty for kommunikasjon og organisering, det har og blitt ei slagmark mellom ulike idear. Redigeringskrigar på Wikipedia, der politiske aktivistar (høgreekstreme inkludert) ønskjer å vinkle sine hjartesaker til eigen fordel, er blitt vanlege.

Medan ein i akademiske krinsar er opptatt av å påpeike at Wikipedia ikkje er ei fullverdig påliteleg kjelde, så har nettleksikonet ein meir eller mindre ansvarleg redaksjon som overvakar sidene og lukar ut dei grovaste feila. Så om ein ikkje vinn fram på ein allmen arena som Wikipedia, kan ein skape sin eigen . Det var nettopp dette tidlegare omtala Nordiska Förbundet gjorde i 2007 då dei oppretta Metapedia, deira eiga svar på Wikipedia18.

Metapedia er tilgjengeleg på 16 ulike språk, og det ligg i overkant av 500 artiklar her på norsk. Den originale svenske versjonen har over 90 000 artiklar, men øvst på artikkellista ligg den ungarske versjonen, med over 130 000. Artiklane her famnar om eit spekter av tema med interesse for den moderne nazist, frå historie og politisk teori til religion og kultur, alt med ei litt spesiell vinkling. Til dømes nemner ikkje den engelske artikkelen om andre verdskrig Holocaust, men understrekar at brorparten av dei som døde vart drepne i sovjetisk fangenskap, og at dei allierte gjekk fri for sine brotsverk etter krigen. Den engelske artikkelen om Anders Behring Breivik fokuserer på at han var sionist og anti-rasist, medan den norske vektlegg at han var frimurar. Ein kan til og med finne ein artikkel om korleis det internasjonale bankvesenet vart skipa av jødar på 1800-talet.

I tillegg er dei tallause nettsidene, bloggane, foruma og nettvideoane som dagleg vert oppsøkte på nett, perfekte kanalar for ytterleggåande meiningar og “stigmatisert kunnskap”. Her kan ekstreme idear verte spreidd og finne legitimitet. Vi står overfor eit brukarskapt internett, der ekstreme grupper er blant dei mest hyperaktive brukarane.
Ein YouTube-video er det vanskeleg å argumentere mot. Ei rekkje bilete, redigerte videosnuttar, kjensleladd musikk og sitat er effektiv propaganda for mange. Det er heller ingen redaksjon som passar på at det som vert sagt i videoen faktisk er korrekt. På YouTube finn du difor tallause videoar som promoterer ekstreme haldningar og konspirasjonsteoriar. Fleire av dei har relativt få treff, men dei best produserte vert gjerne nytta som argument i diskusjonstråder på Facebook og andre fora.

Meir eller mindre lukka internettforum og avgrensa epostlister er framleis det tryggjaste viset for mange ekstreme grupperingar å kommunisere, her kan dei styre det meste sjølv, frå innhaldsmoderering til server. Facebook og andre nyare sosiale medier fører til ein større risiko for sosial kontroll frå utsida - det vere seg sensur, utestenging eller at ein hamner i politiet sitt søkjelys. Likevel finn ein mykje aktivitet i desse arenaene, av same årsak til at mykje anna diskusjonsaktivitet vert flytta dit. Ein samlar alt på ein stad når ein flyttar sitt digitale liv på Facebook; diskusjonsgrupper, nyhende, og kontakt med vener og familie. Facebook kan heller ikkje overvake alle dei lukka og løynde gruppene som er oppretta på Facebook, og fleire høgreekstreme grupper diskuterer og rekrutterer gjennom Facebook, bloggar og andre meir opne fora.

Det fins fleire organisasjonar og nettverk verda over som ønskjer ekstremistar og deira nettsider til livs, men ekstremistane sin største fiende er nok dei sjølv. Ein vanleg tendens for marginale politiske rørsler er at dei vert oppløyst av indre strid og manglande rekruttering. Lenkelister over høgreekstreme organisasjonar er som oftast fulle av lenker til ingenstads.

Likevel har høgreekstremistar gong på gong vist at trass at dei er få og dårleg organiserte er dei i stand til å forårsake både skadeverk og drap. Dette er ein god grunn til å halde miljøa og nettsidene deira under oppsikt, og gripe inn før ord vert til handling. Instruksjonar for korleis enkeltpersonar kan gjere stor skade ligg lett tilgjengeleg for ekstremistane på nett, side om side med motivasjon og inspirasjon. Høgreekstremistar er òg snøgge til å fange opp nye teknologiske trender og tilpasse sine strategiar og kommunikasjonsnettverk til desse. Dei institusjonane som skal overvake og kontrollere denne aktiviteten har difor ei utfordring i å følgje denne utviklinga i samme tempo som dei høgreekstreme.

Noter



1. Dette har ført til spekulasjonar om Nazi-ufoar og andre supervåpen i etterkrigstida.
2. Tilsvarande, men ganske omfattande studie, kan gjerast på islamistiske nettsider som fungerer som propaganda- og rekrutteringskanalar for Al Qaeda og liknande grupperingar.
3. Tredjeposisjonisme er eit forsøk på reinvaske fascismen og nasjonalsosialismen, ved å distansere seg frå den tradisjonelle retorikken og symbolbruken. Namnet kjem frå at tredjeposisjonismen, lik nazismen og fascismen, tek avstand til både kommunisme og kapitalisme, og hevdar å vere ein tredje veg.
4. Resistance Records, plateskelskapet knytt til William Pierce sin National Alliance, skulle i åra som følgde gje ut meir profesjonelle skytespel som Ethnic Cleansing.
5. Ein postordrekatalog, knytt til Boot Boys.
6. Tilgjengeleg på nett.
7. Wallace Wang 2006: Steal this Computer Book 4.0: What they won’t tell you about the Internet. No Starch Press.
8. Brukarnamn Charles A. Lindbergh. Inaktiv frå og med 2010.
9. Jessie Daniels 2009: Cyber Racism: White Supremacism Online and the New Attack on Civil Rights (Perspectives on a Mutliracial America). Rowman & Littleman Publishers.
10. Fokuserer i denne delen hovudsakleg på aktivitetane til Nordiska forbundet, då dei har vore størst, men det fins fleire tilsvarandre grupper og organisasjonar i Sverige, som Info14 og Flashback.
11. Utgjeven av Förbundet sitt eige forlag, Nordiska Förlaget.
12. Rykta om at Varg Vikernes var ein av grunnleggjarane og leiar for AHF vert avvist både av organisasjonen og av Vikernes.
13. Med kanskje overvekt av norske bidrag.
14. Den opne Facebookgruppa til støtte for SIAN tel 10 000 medlemmar i skrivande stund.
15. “Splittelse blant islamhatere”, Vepsen.org.
16. Kristian Bjørkelo 2011: Eit manifest for framtida. I Humanist 3/2011.
17. Det same har ein sommaren 2012 sett tydeleg gjeld for Romfolket òg.
18. Eit liknande prosjekt for reaksjonære grupper i USA er Conservapedia.

Denne artikkelen vart først publisert i Humanist 3/2012. Publisert på nett 23. november 2012.

Siste saker fra FriTanke